Fotosamling: Karl Dahle Møbelforretning

Detaljerte utskjeringar. Sofa før sitteputa er på plass. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent.

Bedrifta si historie

Karl Dahle var møbelsnikkar og forhandlar i Sandnes. Han vart fødd i 1876, på Dale i Hetland herad, og kom til Sandnes i 1899. Han hadde utdanna seg som møbelsnikkar på Jørpeland, og i Sandnes arbeidde han som svein i eit år, før han starta sin eigen møbelverkstad i Flintergata.
Allereie etter eit år hadde verkstaden vakse ut av dei første lokala, og nye lokale vart leigde i Langgata 4.

Ei samling matchande stolar til stova. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent.

I 1907 vart det igjen flytting, til Langgata 48, der forretninga låg til han vart lagt ned i 1987. Her var det plass til både moderne produksjonsutstyr og eigen butikk. Produksjonen flytta etter kvart til nye lokale, og møblar frå andre fabrikkar vart tekne inn i butikken.

Nokre møblar vart fotografert utanfor butikklokala i Langgata. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent.

Dahle spesialiserte seg på stovemøblar (stolar, kommodar, skap, hyller o.s.b.) i antikk stil, med detaljerte utskjeringar. Som ein del av marknadsføringa vart møblane fotograferte, både kvar for seg og samla i grupper, og det er desse fotografia som utgjer fotosamlinga.
Oppigjennom åra har verksemda nytta ulike namn:

  • Karl Dahle
  • Karl Dahle Møbelforretning
  • Karl Dahle og Sønner
JÆF175.S01.08.1
Ei nyare sittegruppe. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent

Om fotosamlinga

Då fotosamlinga kom til Jærmuseet i 2004 gjennom arvingane etter møbelforretninga, var ho ikkje ordna på noko vis. Det vart utført i 2016 under registreringa i samband med dokumentasjon av møbelproduksjonen i Sandnes. Det heile er ei førebuing til møbelutstillinga som kjem på Vitenfabrikken i 2017.

Samlinga består i hovudsak av produktfotografi av møblane som vart laga og seld i butikken, og er mest truleg tekne for å nyttast i reklame.

JÆF175.S02.30
Skap med utskjeringar, truleg fotografert i butikken sin bakgård. Biletet er limt på ei papp-plate, truleg ei katalogside, og har ikkje tolt limet særleg bra. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent.

Under ordninga vart det skild ut seks seriar med lysbilete og reklamemontasjar for kino, to album/katalogar, ein serie med glasplater til storformatkamera, og eit par 35mm-filmrullar. I tillegg var der om lag 400 lause bilete i varierande storleik.

Fotografia er ikkje daterte, og dei er heller ikkje merkte med nokon signatur frå fotograf. Om fotografen er Dahle sjølv, ein av dei tilsette, eller innleidde fotografar veit me ikkje. Fleire av bileta er merka med stempel frå produsenten, inkludert Dahle sjølv, og ein del andre har påskrivne prisar.

JÆF175.S01.13
Soveromsmøblar. Eit av få bilete med stempel frå fotograf: B. Kalvig. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: Børge Kalvig.

Dei ulike namna som verksemda har nytta går og igjen på stempla som er brukte på bileta, og kan til ein viss grad hjelpa med dateringa. «Karl Dahle og Sønner» vart til dømes teke i bruk etter at dei tre sønene, Trygve, Karsten og Birger, vart med i forretninga (ei utgåve av «vår industris geografiske fordeling, frå 1939 brukar dette namnet). Dei andre namna har vore brukt i avisannonser og bøker, både før og etter at sønene vart med, og gjev dermed ikkje nokon datering.

Ut i frå fotomaterialet, dei avbilda møblane, og stempla som er brukte, antek me at fotografia i hovudsak er frå 1920- og 1930-talet.

JÆF175.226
Stovemøblar. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent.

Av andre møbelprodusentar har me funne stempla fotografiar frå følgande:

  • Sykkylven
    • Hellegjerdes lenestolfabrikk A/S, Sykkylven
    • Leiras Lenestolfabrikk, Sykkylven
    • Nordbo, N. Roald & CO Lenestolfabrikk, Sykkylven
  • Straumegjerde
    • Drabløs Lenestolfabrikk, Straumegjerde, A. S. Borge Agentur
    • Fet Møbelfabrikk Straumegjerde
    • H.J. Brunstad Straumegjerde
  • Sunde lenestolfabrikk
  • Møller & Stokke A/S Lenestolfabrikk, Spjelkavik
  • Hoff & Co
  • Standard møbelfabrikk Sandnes
  • Bergen
    • A/S Møbelproduksjon, Alversund pr. Bergen
    • Drange & Lund A/S, Bergen
  • Eifa A/S, Sjøholt Sunnmøre
  • Volda lenestolfabrikk A/S
  • Tynes Møbelfabrikk
  • Langlo:
    • A/S Langlo & Co., A. H. Fossan Agenturforretning (?), Haugesund
    • Peder K. Langlo, Møbelfabrikk, Stranda
    • P I Langlo’s Fabrikker, Stranda pr. Ålesund
  • Skodje
    • Skodje Lenestol
    • A/S Salongmøbler, Skodje
  • L. Byberg jr. møbelfabrikk, Ganddal
  • John Velle Lenestolfabrikk
  • Kragerø trevare- & møbelfabrikk, J. Eikeland (truleg)
  • Møbelfabrikken Kvalitet A/S, Vegsund pr. Ålesund
  • Jarnes & Kroka Trevarefabrikk Ikornnes
  • Paul Schles, Lillesand
  • A/S Ørnevik Fabrikker
  • Skålands Møbelfabrikk, Moi

Skrivemåten for stad- og bedriftsnamn i lista er sånn dei er skrivne på stempla, og samsvarar ikkje nødvendigvis med moderne den skrivemåten.