TURI-kumlokk i museet

15. mars 2016 laga Furnes Jernstøperi den første prøven på nytt kumlokk for Sandnes kommune. Det eksemplaret er nå del av Jærmuseet si samling.

Utstillinga står i resepsjonen. Foto: Jan Inge Haga. Jærmuseet

JÆG2016.015.01_06utDatoen er støypt inn på undersida av kumlokket.
I sommar kan du sjå kumlokket på Vitenfabrikken der me har utstillinga «Turi-kumlokk». Kunstnaren Turi Gramstad Oliver fekk i 2015 oppdraget frå kommunen om å laga nytt kumlokk som eit kunstprosjekt. Kristel Talv frå Rogaland Kunstsenter var kurator for oppdraget og ho har sørga for at prosessen er dokumentert frå start til mål. Jærmuseet har også vore med, m.a. på besøk på Furnes då kunstnaren godkjende støypeforma med spesialdesignen. Den forma blei brukt då prøvestøypen og dei første 200 kumlokka blei produsert. Nå er forma også i museet si samling, saman med kunstnaren sine utallige skisser og dei fire skissene kunstutvalet fekk til vurdering.
Støypeforma til Turi-kumlokket. Foto: Jærmuseet
Det er laga film om prosessen. Den kan du sjå, saman med gjenstandane, i utstillinga på Digitalt museum.