Musea har i oppgåve å vera samfunnsminne. Dette gjer vi gjennom å driva med innsamling, dokumentasjon, forsking og bevaring.

Jærmuseet har særleg samla og dokumentert lokalhistorie gjennom prosjekt knytta til ulike sider ved jordbrukshistoria i nyare tid. Materialet frå prosjekta er foto-, intervju- og arkivmateriale.

Museet har sidan starten i 1985 vore museum for det moderne og mekaniserte jordbruket.  I volum er det jordbruksreiskapar frå det mekaniserte jordbruket som har dominert samlingane. Frå 2002 har museet fått ansvar for fleire andre museum, med til dels store samlingar. Eit av desse er Jonas Øglænds bedriftsmuseum. Det inneheld ei stor samling av syklar. The World, DBS og Tempo var alle syklar som blei produserte på Sandnes.