Jærmuseet gir ut årboka «Sjå Jæren» og bokserien «Jærskrifter». Kvart år sidan 1989 har museet publisert ei årbok. Dei fleste artiklane i årbøkene omhandlar jærregionen si historie. Andre kaster lys over interessante aspekt og hendingar frå museet sine anlegg.
Publikasjonsserien «Jærskrifter» kjem med ujamne mellomrom. I kvar av bøkene blir det sett nøyare søkelys på emne frå eit av Jærmuseet sine forskingsfelt.
Både museet sine tilsette og eksterne forfattarar har bidratt til å gjera årbøkene og skriftserien til lesverdige kjelder om Jæren sin historie.