Jærmuseet har over 150.000 historiske fotografi i samlingane sine.
Dei eldste er daguerreotypiar frå 1850-talet, dei nyaste er tatt med dagens digitale kamera. Fotografia har kome til museet på forskjellige måtar – som seriar i privatarkiv frå bedriftar og privatpersonar eller gjennom innsamlings- og dokumentasjonsprosjekt, initiert av museet. Fotografia blir registrert og katalogisert i databasen til museet. Eit utval blir publisert på Digitalt Museum. Ein kan bestilla fotografia via denne nettstaden eller gjennom direkte førespurnad til museet.
I tillegg til dei historiske samlingane har Jærmuseet bygd opp ei fotosamling med grunnlag i eiga verksemd.