Om SamRog

Samlingsteam Rogaland er eit team beståande av 5 personar som er tilsett for alle musea i Rogaland, for ein tre-årsperiode.

Teamet skal arbeida periodevis på alle regionmusea i Rogaland. I samarbeid med det enkelte museet settes det opp konkrete oppgåver som skal løysast. Samlingsteamet vil arbeida saman med personale på det enkelte museet. Jærmuseet har arbeidsgjevaransvaret for dette mobile samlingsforvaltningsteamet og teamet har kontor på Vitenfabrikken i Sandnes. Prosjektleiar for teamet er Per Inge Bøe og prosjektmedarbeidar er Jeanne Dalbu, Eirik Aarebrot, Lise Chantrier Aasen og Belén Navazo Hourcade. Det er oppretta ei styringsgruppe for arbeidet med Bitten Bakke som leiar. Prosjektet vert støtta av Rogaland Fylkeskommune og Kulturrådet.

Her er musea som er med: Dalane Folkemuseum, Ryfylkemuseet, MUST, Haugalandsmuseene, Norsk Oljemuseum og Jærmuseet.