Produktkatalogar

Eit sentralt samlingstema i Jærmuseet, er det mekaniserte landbruket i Noreg. Her har museet bygd opp ei stor samling katalogar, brosjyrar samt andre reklame- og informasjonspublikasjonar over landbruksreiskapar.

Desse dokumenta er viktige kjelder med bakgrunnsinformasjon om gjenstandane i samlinga. I tillegg veit me at det finst interesserte som synest at det er kjekt å kunne lesa om historiske reiskapar og maskinar.

Ein del av materialet har me publisert på internett i vårt Dokumentarkiv.

Det første prosjekt i Dokumentarkivet var registrering og publisering av katalogar og brosjyrar frå Kvernelands Fabrikk AS.