JF006.271.jpg
Sauene dreg til fjells rundt Jonsok. Då kan det frameis ligga store snøfenner som dei må kryssa for å komma fram til gode sommarbeite.

Museet samarbeidde med Jæren Smalelag og dei lokale Sau- og geitealslaga om å dokumentera sauedrifta på midten av 1990-tallet, med serleg vekt på heieføringa. Det er tradisjonen med å senda sauene på sommarbeite til Sirdalen og Setesdalen. Det er ei driftsform som starta på 1830-talet og som framleis er levande på Jæren og i Dalane.
Resultat av arbeidet var ei utstilling då Jærmuseet opna i 1995 samt boka «Med sauen til heis» i 1996.

Som del av prosjektet blei det samla inn meir enn 600 fotografi av gjetarar, sauedrift, livet i heia osb. Desse gjekk inn i fotosamlinga til Jærmuseet.