Sommaropent!

21. juni 2021 - 15. august 2021
Vaksen NOK 140 / barn NOK 75 / famile NOK 380

Ta turen til Vitengarden i sommar, utforsk utstillingane ute og inne. På Vitengarden er det gildt å vera både for dei minste og dei litt større ungane. Her kan du blandt anna:

  • møte dyr som høns, gjess, hester, kyr, sauer og griser
  • hoppe i høyet og slenge deg fra tauet
  • utforske utandørsaktivitetane i SNU: stå imot ein orkan i vindmaskinen, skyt med vatnpistolar, pump og leik med vatn og heis deg opp mange meter over bakken i svinghjulet
  • lag din eigen plog i plogfabrikken
  • konkurrer mot roboten
  • heis silo frå silokummen, sjekk kor lang tarmen er og studer biene i observasjonskuba
  • prøve deg som dyrlege i småfeklinikken
  • blanda din eigen biogass i biogassfabrikken
  • sjå ei imponerande samling med traktorar i utstillinga «Traktorliv»

Kafèen serverer heimelaga mat, både påsmurt og suppe. Her er det kaker, is og brus. På Vitengarden er det eit fint uteområde med bord og benter, volleyballnett, stylter og tråtraktorar.

Butikken er open og her er det mange gode gåvetips, enten til deg sjølv eller andre.

 

Opningstider:

måndag – fredag kl. 10 – 16

laurdag stengt

sundag kl. 12 – 17

 

Smitteverntiltak

Det er sett inn ekstra smitteverntiltak for at både gjester og tilsette skal føle seg trygge:

  • hyppig reinhald av overflater, og eksperiment
  • ekstra merking på heile anlegget, og særleg der kø oppstår
  • alle som har sympton på luftveisinfeksjon, held seg heime
  • maks tal på gjester inne samtidig – me oppmodar om å bestille billett i forkant her

 

Jærmuseet sitt årskort

Er du ein av dei mange som har Jærmuseet sitt årskort? Sidan me måtte stenga, har me automatisk utvida alle årskort med fire månadar!

Ynskjer du å kjøpe årskort, og få opplevingar i eit heilt år? Det kan du gjere her.