Millionbeløp til maritimt vitensenter

Fredag 6. januar signerte Skretting og Jærmuseet ein avtale verd tre millionar. Det verdsleiande firmaet Skretting går nå i bresjen og vert den første private aktøren som bidrar med pengar for å realisera det maritime vitensenteret“Vitenvågen”.

Me markerte sponsoravtalen med fyrlys. Kommunikasjonssjefen i Skretting, Leif Kjetil Skjæveland, håpar dei kan visa veg for andre næringsaktørar som vil vere med på laget. Foto: Ove Tennfjord, Randaberg kommune

Det maritime vitensenteret vert på nærare 2500 kvadratmeter og skal fyllast med interaktive utstillingar om havbruk, maritim industri og Kystverket si historie og verksemd i dag. Jærmuseet har eit regionalt vitensenteransvar for Rogaland og har sidan 2000 hatt ein felles vitensenterambisjon for Tungenesområdet med Randaberg kommune. Dei siste tre åra har ein stadig kome nærare målet. Tomt er kjøpt og regulert til vitensenterføremål, ny parkeringsplass er laga og det er lagt gang- og sykkelveg heilt ut til Tungeneset. Arkitektkonkurranse vart gjennomført I 2014 med rekordstor deltaking, der det danske arkitektkontoret Rørbæk og Møller vant med sitt utkast «Vitenlandskapet».  Det maritime vitensenteret «Vitenvågen» vil utan tvil bli eit signalbygg for heile regionen.

Jærmuseet sine to andre vitensenteravdelingar, Vitengarden på Nærbø og Vitenfabrikken i Sandnes, formidlar landbruket og historien i regionen. Eit maritimt vitensenter kompletterer Jærmuseet si vitensenterformidling. Desse tre avdeligane vil visa breidda og mangfaldet i Jærens kultur- og næringsliv.

Det maritime vitensenteret skal ligga nede i Tungevågen, der det gamle Sjøbruksmuseet nå står.

For Skretting er det særs viktig at eit maritimt vitensenter vert etablert i ein folkerik region, for å synleggjera og auka kjennskapen til havbruksnæringa. Nå håpar Skretting at fleire i næringa ser muligheitane senteret vil gje, og er med og støttar opp for å få senteret realisert.

Under signeringa, var det sløying av «fiskekake». Her er kommunikasjonssjef i Skretting, Leif Kjetil Skjæveland, saman med kultursjef i Randaberg kommune, Anders Jaarvik, daglig leiar i Blue Planet Eivind Helland, pedagog i Jærmuseet Unn Iren Skretting Thorsen; ordførar i Randaberg kommune Kristine Enger, senior prosjektleder i Blue Planet og medlem i sponsorgruppa, Trine Lotherington Danielsen og direktør for Jærmuseet Målfrid Snørteland. Foto: Ove Tennfjord, Randaberg kommune

Fakta:

  • Totalt kostnad på det maritime vitensenteret er estimert til 125 millionar kroner
  • Avtalen mellom Jærmuseet og Skretting er på kr. 3 millionar. Målet er at 35 millionar kroner skal koma frå private aktørar, havbruk- og rederinæringa.
  • Dei tre hovudtema i senteret vert havbruk, maritim næring og Kystverket
  • Jærmuseet er eit av ti regionale vitensentre i Norge. Vitenfabrikken, Vitengarden og Science Circus ligg alle under vitensenter-paraplyen.
  • Tungenes fyr har hatt ein jamn besøksvekst kvart år. I 2016 besøkte i overkant av 21.000 fyret. I tillegg er området rundt fyret eit populært turmål heile året.

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar Tungenes fyr, Eirik Gurandsrud

E-post: eirik.gurandsrud@jaermuseet.no / Telefon 952 26 689

Kommunikasjonsjef i Skretting, Leif Kjetil Skjæveland

E-post: leif.kjetil.skjaeveland@skretting.com / Telefon 907 68 952