Tungenes utgjer den nordlege enden av Jæren, og byrjinga på innseglinga til Stavanger. Eit fyr blei etablert her i 1828, etter initiativ frå både byborgarar og sildefiskarar.

Nokre talglys i eit loftsvindu i Tungevågen leidde fiskarane inn til Stavanger, og silda gav
byen store inntekter. Fyret blei seinare oppgradert og modernisert og utgjorde etter kvart
eit viktig seglingsmerke for all skipstrafikk i området.

Etter siste utbygging i 1959 består anlegget av fire bygningar: fyrbygning, uthus, fyrvoktar- og fyrbetjentbolig.

I 1984 blei fyret avfolka og erstatta med ei lykt på skjæret “Bragen” utanfor neset.

Tungenes Fyr er i dag først og fremst eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod. I fyrbygningen kan du
oppleva korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-talet, i uthuset finn du ulike temautstillingar.
Kaféen tilbyr god kaffimat.

Tungenes og områda rundt er populære utfartsstader for befolkninga i Sør-Rogaland og for turistar.
Naturopplevingane er storslåtte og rike i all slags vêr og til alle tider, med skipsleia utanfor har ein alltid ein følelse av at noko skjer her. Mange kombinerar besøket på Tungenes med ein gåtur i Tungevågen.

Tungenes Fyr er ein del av Kystverkmusea, etatsmuseum for Kystverket.