Opninga av musea vil skje gradvis og forsiktig, og det vert lagt stor vekt på at det skal vera trygt for både gjester å besøka oss og for tilsette å vera på jobb.
Det er gjort vurderingar av alle musea, og det kan vera at nokre deler av utstillingane vil vera stengt. Dette vil gjelda dei utstillingane med mykje interaktivitet og “hands-on”-aktivitet. Likevel er det mykje å både sjå og oppleva, og me gler oss til igjen å kunne vise gjester rundt i dei fantastiske anlegga og utstillingane.
Planlagte opningsdatoar for kvart enkelt anlegg ser du i lista nedanfor. På kvar enkelt anlegg si side vil du få oversikt over opningstider, billettar og aktivitetar. Merk at det er muleg for barehagar, skuler og andre grupper å kome før me opnar for vanleg publikumsbesøk – ta kontakt for bestilling.
Har du Jærmuseet sitt årskort? Me utvider alle årskorta til å vara tilsvarande periode som det me nå har hatt stengt.
Sundag 24. mai
Tungenes fyr
Flyhistorisk Museum Sola
Torpedoverkstedet, Sola (NYHEIT!)
Sundag 7. juni
Knudaheio
Garborgheimen
Limagarden
Grødaland
Laurdag 20. juni
Vitenfabrikken
Sundag 21. juni
Vitengarden
Eventuelle spørsmål kan rettast til direktør Målfrid Snørteland, telefon 91390361 / e-post: msn@jaermuseet.no