Smittevern på Tungenes fyr

Frå og med 16. april 2021 til og med 27. april 2021 er Tungenes fyr stengt, som følge av regionale smittevernregler gjeldande for Nord-Jæren.

Det skal vera trygt både for gjester og tilsette å vera på musea. Nedanfor kan du lesa kva tiltak Jærmuseet har gjort for å sikra dette.

Jærmuseet følger til ei kvar tid FHI sine retningslinjer for smitteverntak, og dei gjeldande lokale retningslinjene i kommunane der musea våre er.

Korleis gjer du besøket trygt for deg og for andre?
  • Registrer deg via QR-kode når du kjem. Alle besøkande skal registrera seg. (Jærmuseet oppbevarer data ti dagar etter besøk.)
  • Hugs å halda minst éin meters avstand til andre.
  • Vask/sprit hender.
  • Bli heime dersom du er sjuk.
Korleis gjer Jærmuseet besøket trygt for deg?
  • Overflater og berøringspunkt vert reingjort regelmessig og ofte
  • Antibac-stasjonar er sett ut fleire stader på musea
  • Me oppfordrar gjestene å bruka kontaktlaus betaling
  • Me har tilrettelagt for 1-meters avstand
  • Eit par installasjonar er stengt ned
  • Grupper må reservera plass på førehand
  • Me avgrensar talet på gjester som kan vera inne på museet samstundes
Leige lokale?

Du kan leige lokale hjå oss, så lenge tal på deltakarar er innafor dei gjeldande retningslinjene. Ta kontakt for eit tilbod.

Besøk med barnehage/skular?

Me har lagt til rette for besøk frå barnehage og skular der de ikkje vil vera i kontakt med andre grupper. Me har òg muligheit til å halda nokre undervisningsopplegg digitalt. Ta kontakt for å høyra kva me kan tilby.

Spørsmål?

Ta kontakt med oss på telefon 47776020 / post@jaermuseet.no