Tuntreet – opplesing, felespel og kåseri

20. september 2023 20.00-21.00
Tungenesveien 217
200,-
Velkommen til poesikonsert med spelemann Per Anders Buen Garnås og lyrikar Stein Versto, der ordet og tonen står i sentrum. Konserten byter mellom solo hardingfelespel og diktlesing, krydra med kortfatta refleksjonar om livet og poesien, der både alvoret og det mindre alvorlege får rom. Ordet tun har med det heimlege å gjera. Tunet er staden der husa rammar inn og skaper rom, og midt på tunet står treet. Ord og spel vil krinse rundt dette biletet, i vid forstand.
Per Anders Buen Garnås er spelemann, utdanna ved Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, og vart i fjor kåra til “Årets folkemusiker”. Han har vunne Landskappleiken på hardingfele fire gongar, FolkeLarm-prisen to gongar og vore nominert til Spellemannprisen tre gongar.
Stein Versto frå Vinje i Telemark er forfattar og lyrikar, omsetjar og spelemann. Han debuterte med novellesamlinga “Ho blei borte i trappene” i 1990, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Seinare har han skrive roman, diktsamlingar, prosabok, essays og ei rekkje songtekstar tonesette av norske artistar, blant dei særleg Odd Nordstoga.
Billetter finner du her.
Konserten arrangerast i samarbeid mellom Gorrlaus, Kapittel, Tungenes fyr og Randaberg bibliotek.
Foto: Ånond Versto og Knut Utler.