Pengegåve til magasinet!

Fredag 15. mai kom Sparebankstiftelsen SR-bank på besøk til museet med ei særs hyggeleg gåve til magasinet.

Ein glad gjeng frå Jærmuseet samla med banksjef Ståle Hoff og gave- og kommunikasjonssjef Ellen Instefjord framfor nokre av gjenstandane som får plass i det nye magasinet. Foto: Jærmuseet

Banksjef i SR-bank Ståle Hoff og Gåve- og kommunkasjonssjef for Sparebankstiftelsen SR-bank Ellen Instefjord hadde med seg eit gåvebrev  på kr. 500.000. Pengane skal i sin heilthet nyttast til innreiing i det nye, underjordiske magasinet på Nærbø. Instefjord påpeika i overrekkinga av gåva på viktigheita med å ta vare på historia for framtida.

 

Om magasinet 

Jærmuseet har ein stor og volumiøs samling av utstyr og produkt frå industrien og landbruket i Sandnes og på Jæren. Desse gjenstandane har i fleire ti-år vore lagra i løer og andre leigde lokaler. Hausten 2015 fekk Jærmuseet ei hyggeleg melding om at Kulturdepartmentet ville gje 18,8 millionar kroner til magasinbygg i form av tiltaksmidlar til lokale entreprenør- og handtverksbedrifter. Planen låg allereie klar, og bygginga av eit underjordisk magasin på 2.200 m2 ved Vitengarden på Nærbø kunne starta. Magasinet står nå så og seie ferdig, det har ein enkel teknisk standard, og sidan det er under jorda, setter det heller ikkje nemneverdige spor i omgivnadane.

Gåva frå SR-bank gjer det muleg å sette inn stålmesanin i magasinet. Dette vil auka lagringsarealet med 400m2, og gje rom for ei hylleløysing for mindre gjenstandar. Med denne løysinga, vil museet nå ha gode og varige oppbevarinsforhold for gjenstandar frå industrien i Sandnes og på Jæren.

– Dette betyr enormt mykje for oss som skal arbeide i magasinet. Nå kan me endeleg få sluttført innreiinga takka vere pengegåva frå Sparebankstiftelsen, seier ein særs glad avdelingsdirektør, Hans Dybvad Olesen i Jærmuseet.