Talentsenter i realfag 24/25: Elektronikk på 7. klasse-samling

Jørn Hafver, realfagsformidlar smile medan han ser på bluetooth høgtalaran som han held i henda.

Den 21. og 22. oktober var det høg aktivitet på Vitengarden då 7. klassingar frå Talentsenteret i realfag hadde samling med fokus på elektronikk. Saman med realfagsformidlarar Jørn Hafver og Magne Hognestad frå Science Circus, Jærmuseet sitt omreisande vitensenter, fekk elevane bryna seg på praktiske oppgåver innan elektronikk og problemløysing.

Praktisk læring i fokus

Gjennom denne samlinga får elevane arbeida med både serie- og parallellkopling, samt lodding av kretskort. Hafver forklarer at dette var nytt for dei fleste: “Dei fleste hadde ikkje gjort det før, så det er nytt for alle.” Før lunsj på dag ein, hadde dei jobba med krokodilleklemmar og ulike koplingar, medan dag to blir endå meir utfordrande kunne Hafver avsløra: “I morgon skal dei bygge sin eigen høgtalar,” smilar han lurt.

Prøva sjølv, i lag

Hafver legg vekt på at samlinga handlar om meir enn berre tekniske ferdigheiter; det er også viktig å læra problemløysing. “Det me prøver å læra, er rett og slett og eksperimentera og finna ut av ting. ‘å nei den verkar ikkje, kva skal du gjera då?’ ” seier han.

Han påpeikar at mange elevar er vane med oppskriftsbasert læring, men at dette opplegget krev at dei må tenkja sjølv: “Her er det litt meir sånn at dei får ein haug med ting og må finne ut av det. Men sjølvsagt styrt, sånn at det er eit mål dei skal finna ut av.”

Samlinga gjev også elevane høve til å møta andre med liknande interesser. “Poenget er at dei får lært seg noko, prøvd seg på problemløysing og sjølvsagt treffe andre unge med tilsvarande interesser,” legg Hafver til.

Spennande tider i vente på Talentsenteret

Onsdag 23. oktober får også 5. og  6. klasse-gruppa ein eigen dag med elektronikk og i november skal kombinasjonskullet 10. klasse til VG1, få bryna seg på spennande bioteknologiske utfordringar på Universitetet i Stavanger.

Om Talentsenter i realfag

Talesenter i realfag skal stimulere til læring hjå dei med sterk interesse, eller læringspotensiale, for realfag som fysikk, kjemi og matte.

Opplegget passer for relafagsinteresserte frå 5. klasse til VG1, ulike aldersgrupper møtast på samlingar ila. skuleåret og blir utfordra i lag med andre med same interesser.

Opptak til Talentsenter for skuleåret 25/26

Følg med i våre kanalar for å få med deg nøyaktig når me i løpet av våren opnar opp for søknadar om opptak til Talentsenter i realfag for skuleåret 25/26.