Førre veke var det mykje spenning og høgt energinivå på Hagbard Line-huset, då Science Circus, Jærmuseets omreisande vitensenter, spelte inn Skolelaboratoriet i realfag ved UiS sin årlege julekalender i lag med førsteamanuensis ved teknisk-naturivitenskapelige fakultet, Mari Mæland Nilsen.
Førsteamanuensis Nilsen, som også figurerer i årets versjon, fortel at «for det teknisk-naturvitenskapelige fakultet ved UiS er det viktig å spre nysgjerrighet og realfagsglede til barn og unge, slik at flere, forhåpentligvis, blir inspirert til å velge studier innen realfag og teknologi i fremtiden».
Realfagsformidlar hos Science Circus, Ida Soland Thu, kunne avsløra at «i år har me mange enkle eksperiment som kan gjerast heime eller i klasserommet, i tillegg til ein del flammer og smell som ikkje bør gjerast heime», humrar ho før ho tek på seg vernebrillene og stell seg føre kamera.
Hoppar etter Wirkola med nye moglege tradisjonar
Skolelaboratoriet i Realfag ved UiS, oppretta ved fakultetet i 2016, har gjennom den tradisjonsrike julekalenderen formidla ulike fysikk- og kjemieksperiment til barn og unge. I desember 2023 gjekk dåverande leiar av Skolelaboratoriet, Inge Christ, av med pensjon og i år har førsteamanuensis Nilsen, som ny leiar av Skolelaboratoriet, teke stafettpinnen vidare i lag med Science Circus.
«Det er jo aldri lett å hoppe etter Wirkola» fortel Nilsen, men påpeikar at årets samarbeid med Jærmuseet «blir ein 2.0 versjon der mye av grunnarbeidet fra tidligere år blir beholdt, men at også noe nytt blir tilført».
I tillegg legg ikkje Nilsen skjul på at årets samarbeid, som kjem same år som samarbeidsavtalen mellom UiS og Jærmuseet blei signert, har vore gildt. Ho beskriv årets innspeling, som ein «veldig positiv opplevelse som har bydd på mye engasjement og en stor dose latter.» og legg til at «Jeg tror vi har skapt en ny tradisjon».
Gode samarbeid, formidlingsansvar og framtida
Marknadssjef i Jærmuseet, Elin Ravndal Bell, ser på årets samarbeid i innspelinga av julekalender, som ein positiv oppfølging av vitensentera si generelle forplikting til å formidle realfag til barn og unge i regionen.
«Jærmuseet har, som regionalt vitensenter for Sørvestlandet, eit spesielt ansvar for å vekke ei interesse for realfag, teknologi og matematikk særleg hjå barn og unge» fortel marknadssjef Bell, og held fram:
«Ved å gjere dette tilgjengeleg og forståeleg, er målet at fleire ønskjer å utdanna seg innan realfag og teknologi slik at dei kan vera med på å løyse framtidas utfordringar».
Screen Story, avd. Stavanger står for innspeling og etterarbeid av årets kalender, medan Jærmuseet skal spela inn nokre episodar sjølv på sine museum- og vitenseter i regionen.
Årets julekalender blir publisert frå og med 1. desember på UiS sin kanal på Viten TV, Youtube og i Jærmuseet sine kanalar.