Ledig stilling: Økonomimedarbeidar

Jærmuseet har ledig fast stilling som økonomimedarbeidar.

Om stillinga

Me søker ein dyktig og engasjert økonomimedarbeidar til museet vårt. Som økonomimedarbeidar vil du vera ansvarleg for daglege rekneskapsoppgåver. Du vil og bidra til å sikra at våre økonomiske transaksjonar vert korrekt registrert og rapportert.

Økonomimedarbeidaren rapporterer til økonomisjef, men jobbar og tett med administrasjonssjef. Kontorstad vil i all hovudsak vera i administrasjonsbygget vårt på Nærbø.

Økonomimedarbeidaren har ei sentral rolle i organisasjonen vår, og vil vera i kontakt med dei fleste tilsette i staben. Du vil òg ha ei servicerolle mot kundar, leverandørar og publikum.

Staben vår har ein unik miks av ulike fagkompetansar, og består av pedagogar, kokkar, konservatorarar, handverkarar med fleire.

Arbeidsoppgåver:

  • Bokføring av bilag, faktura og kasseoppgjer
  • Fakturering og oppfølging av innbetaling
  • Avstemming og rapportering
  • Oppfølging og godkjenning av timelister
  • Klargjering av underlag til lønnskøyring
  • Sentralbordfunksjon
  • Kommunikasjon med kundar og leverandørar
  • Bidra til å effektivisera prosessar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav og eigenskapar:

  • Relevant utdanning innan økonomi, gjerne bachelor
  • Minimum 3 års erfaring frå liknande stilling
  • God økonomiforståing
  • God systemkompetanse og IT-kunnskap
  • Erfaring med økonomisystem og excel
  • Nøyaktig, strukturert og detaljorientert
  • Løysingsorientert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Kunne arbeida effektivt og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg på norsk
  • Godkjent avgrensa politiattest

Jærmuseet ønskjer mangfald i staben, og alle kvalifiserte personar vert oppfordra til å søkja, uavhengig av kulturell bakgrunn, alder og funksjonsevne.

Jærmuseet tilbyr:

  • Fast 100% stilling
  • Varierte arbeidsdagar
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • Raust og godt arbeidsmiljø og solid økonomi
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • God pensjonsordning
  • Behandlingsforsikring
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

Spørsmål om stillinga

Økonomisjef Christian Haugstvedt Eide, telefon 92 68 66 42, e-post: che@jaermuseet.no

Administrasjonssjef Elisebet Rugland, telefon 47 50 03 33, e-post: elr@jaermuseet.no