Påsken på Jærmuseet

Heime i påsken? Då kan du få med deg alt dette!

Flyhistorisk Museum Sola

Flyhistorisk Museum Sola har opningshelg 28.-29 mars og har ope i påsken! Flyhistorisk Museum Sola har fått ei betydeleg oppgradering, mellom anna med nye utstillingsskilt.

Denne sesongen har flymuseet òg fått eit nytt tilskot: ein ferdig restaurert Fairchild PT-26 Cornell. Flyet er amerikansk og blei tatt i bruk første gong på militære flyskular i 1939. De norske flygarane, som under krigen ble utdanna i Little Norway i Canada, flaug slike fly. Etter krigen blei flyet brukt ved Luftforsvarets flygeskole fram til 1956. Med dette har Flyhistorisk Museum Sola ei nær komplett samling av norske treningsfly.

Ope heile påsken utanom Langfredag.

Vitenfabrikken

Noko mystisk har skjedd på Vitenfabrikken denne påsken: ein av syklane i utstillinga er stolen! Spora er lagt ut, men vi treng nokon skarpe hoder og nysgjerrige familier for å finne løysninga. Kven av dei seks mistenkte er tjuven?

Alle som deltar på påskemysteriet er med i trekningen av eit gavekort på 500 kroner i butikken. Og kven veit – kanskje kjem påskeharen òg!

Det er òg mogleg å lage påskeegg og påskekyllinger med nåletoving. Som vanleg blir det spennande visningar i planetariet, tøffe show og alle utstillingane er ope.

Ope heile påsken utanom Langfredag.

Vitengarden

Tru mot tradisjonen startar Vitengarden påsken med ein av sine mest populære aktivitetsdagar gjennom året: Eggande aktivitetsdag 29. mars. I tillegg til alle aktivitetane du vanligvis kan oppleva på Vitengarden, kan du òg denne dagen bli med på maling av egg eller koke egg på bål. Du kan òg besøka kopplamma på garden eller vera med å sjå når dei tilsette slaktar ein kylling.

Det er gøymt over 50 påskeegg som du kan gå på jakt etter. 1 egg per person. Elles i påsken vil utstillingane både ute og inne vera opne. Det kjem kopplam til gards og det er mogleg å mala påskeegg.

Ope heile påsken utanom Langfredag og påskeaftan.

Garborgsenteret

Garborgsenteret er ope deler av påsken. Då kan du mellom anna spele treskomysteriet eller utforske utstillingane.

Sjå opningstider og les meir på Garborgsenteret.

Tungenes fyr

Tungenes fyr har ope Palmesundag og 1. påskedag og 2. påskedag. Området rundt eignar seg godt som eit turmål, med eit besøk innom fyret og ei velfortent kake i kafeen etterpå.

Kafeen er ope frå kl. 12-16 kvar opningsdag.

Velkommen til Jærmuseet i påsken!