Ledig stilling: vertar til tre ulike museum

Jærmuseet er ein stor arbeidsplass for ungdom, og for mange er Jærmuseet deira første arbeidsplass. Hjå oss får ein verdifull arbeidserfaring. Nå treng fleire museumsanlegga vertar som ønskjer å bidra til å gje gode opplevingar til våre gjester.

Vitenfabrikken

Vitenfabrikken er eit kombinert vitensenter og museum som ligg midt i Sandnes. Her er det ope heile året, og arbeidet inkluderer resepsjon, butikk, kafé, publikumsverkstad, realfagsshow, astronomivisningar i Planetariet og å vera vertskap i utstillinga. Søknadsfrist: 21. mars 2025.

Limagarden

Limagarden ligg like utanfor Ålgård, i Gjesdal kommune. Limagarden er ein typisk fjellgard med fleire bygningar. Sesongen på Limagarden er frå mai til september. Arbeidet her inluderer vertskap på sundagane, på aktivitetsdagar og å vera med på ferieklubben som vert arrangert i sommarferien. Søknadsfrist: 21. mars 2025.

Grødalandstunet

Grødalandstunet ligg langs Kongevegen mellom Nærbø og Varhaug i Hå kommune. Det er ein flott sjøgard med bygningar frå 17- og 1800-talet. Sesongen på Grødalandstunet er frå mai til september. Arbeidet her inkluderer vertskap, vera med på aktivitetsdagar og på ferieklubb som vert arrangert i sommarferien. Søknadsfrist: 21. mars 2025.

Garborgsenteret

Garborgsenteret er eit interaktivt litteraturmuseum om Hulda og Arne Garborg, og deler bygg med Time bibliotek på Bryne. Garborgsenteret har óg ansvar for dei historiske museumsanlegga Knudaheio og Garborgheimen. Garborgsenteret har ope heila året, medan dei andre har ope om sommaren. Garborgsenteret har ikkje lyst ut stillingar enda, men vil gjera det i god tid før sommarsesongen.

Våre andre museum; Flyhistorisk museum Sola, Tungenes fyr og Vitengarden har ikkje behov for fleire vertar per dags dato.