Same dagen som pelsdyrnæringa offisielt blir forbode, laurdag 1. februar 2025, opnar Jærmuseet ei ny utstilling om pelsdyr på Vitengarden.
Jærmuseet skal dokumentera nyare norsk landbrukshistorie. Pelsdyr har vore ei viktig næring i Rogaland i nesten hundre år. På det meste, i 1969, var det heile 721 pelsdyrgardar på Jæren. Det er difor heilt naturleg at Jærmuseet både samlar inn gjenstandar og historier knyta til næringa, og lagar ei utstilling om denne.
Planlegginga av utstillinga er godt i gang. No treng me hjelp! Har du pels liggande på loftet, i skuffer og skap som du ønsker å donera for å vera med på å fortelja ei viktig historie, høyrer me gjerne i frå deg!
Kva vil me ha?
- Kler: alle typar pels – huer, kåper, vottar, skjerf med meir!
- Nips og pynteting, puter og klokkestrengar med mink eller rev på.
Kor kan du levere det inn?
Det er sett av to tidspunkt der du kan koma og levera det du ønsker å donera:
- Onsdag 10. april kl. 18.00 – 19.30: Vitenfabrikken, Storgata 28, Sandnes
- Onsdag 24. april kl. 18.00 – 19.30: Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø
Meir informasjon?
Ta kontakt med Anne Jorunn Frøyen, førstekonservator i Jærmuseet: ajf@jaermuseet.no
Her kan du lesa litt om dokumentasjonsarbeidet Jærmuseet har gjort i samband med nedlegging av pelsdyrfarmane.