«Me var jammen heldige som fekk vera med på dette eventyret»

Sommaren 2019 bestemte Stortinget at pelsdyrnæringa skal leggjast ned frå 2025. Dette får naturlegvis store konsekvensar. Fleire hundre pelsdyrfarmar med til saman ein million dyr må avviklast. Bøndene må finna andre måtar å livnæra seg på.

Pelsdyrnæringa fekk eit gjennombrot på 1930-talet og nådde ein topp rundt 1970. I 1969 var det 721 pelsdyrgardar på Jæren, mot 53 i 2015. Talet dyr har likevel heldt seg stabilt. Endringa i næringa har altså gått mot færre og større gardar.

Ettersom det snart er slutt, berre ein handfull har ennå ikkje stengt, er det viktig for Jærmuseet å dokumentera denne næringa som har vore så viktig for jærbuen i nesten hundre år. Målfrid Grimstvedt og Hannah Hansen Ersland har difor intervjua nokre av pelsdyrsoppdrettarane, tatt nye bilde av og fått tilgang til eldre bilde.

Året i minkgarden ser slik ut: parring i mars, kvelping i april og mai, avliving og pelsing i november og desember. I mellomtida må dyra stellast med, bygningane vedlikehaldast og mykje planleggast.

Avviklinga har naturleg nok fått store konsekvensar for farmarane, som gjerne har drive med pelsdyr i generasjonar og som nå må finna andre måtar å livnæra seg på.

Jærmuseet driv ikkje berre med å bevara fortida, det er like viktig å dokumentera samtida. Difor har Jærmuseets Målfrid Grimstvedt og Hannah Hansen Ersland besøkt fleire pelsdyrfarmar og intervjua bøndene. Kunnskapen om pelsproduksjonen på Jæren blir slik dokumentert for ettertida.

«Det er eigentleg to periodar med mange ulike historier», seier Grimstvedt, «1900-talet utgjer éin epoke og dei to første tiåra av 2000-talet ein annan».

Her skal me få møta to pelsdyrbønder som har éin fot i den første perioden og to i den siste. Teksten er ei bearbeiding av eit intervju Grimstvedt og Ersland gjorde av pelsdyrbøndene Jan Ove og Inger Lise Horpestad i Klepp.

Jan Ove Horpestad er formann i Rogaland Pelsdyrlag og har hatt nokre særs tøffe år etter vedtaket om nedlegging av næringa kom. Han har både vore talsmann for medlemmane mot omverda og ei støtte for kollegane sine. Han har vore framme i media, både åleine og saman med kona Inger Lise. Ho er også sterkt engasjert i næringa. Dei er også gode samarbeidspartar for Jærmuseet i vårt arbeid med å dokumentera næringa. I dette intervjuet fortel dei om åra og livet med minken, altså bakgrunnen for at dei har stått midt oppe i striden frå 2018.

«Eg har alltid likt minken skikkeleg godt», seier Jan Ove, og legg til at det første minnet han har frå mink er om kvelpane. «Eg kan hugsa at då me som ungar skulle gå og ropa på far, så var det jo 50 meter lange hus og dør i den eine enden. Så då han jobba med paringa eller kvalpinga, då fekk me ikkje lov til å ropa at det var middag. Me opna døra og måtte stå der til dess me fekk augekontakt med han, så opna me berre munnen, og så var det…» Ersland og Grimstvedt får heldigvis bilde av Jan Ove idet han syner korleis han viste faren at det var middag.

Sånn var det ganske lenge, for minken var uroleg og nervøs», held han fram. «Men me avla vekk på det, så den siste tida kunne me ha med heilt framande folk inn i minkhuset, ungar kunne springa rundt, minken brydde seg ikkje lenger om slikt. Men før, då risikerte me at dei ikkje fekk para seg. Det var eit strengt regime då. Det skulle ikkje sjauast i mars månad, då far jobba med paringa.»

Faren Odd begynte med mink i 1960 og dreiv i 40 år til 2000. Så overtok Jan Ove og dreiv i 20 år til, til 2020.

«Far jobba i lag med ein pelsdyrbonde oppe i Klepp, for dette var ein liten gard, han måtte gå ein del ute på arbeid. Det var slik han starta opp. For å sleppa å gå ut på arbeid, kunne han ha ei ekstra inntekt heime.»

Han hadde hatt planar om å starta opp allereie i 1958.

«Men då var det ingen moglegheiter til å få levert fôr», forklarer Jan Ove. «Det var så mange som dreiv med pelsdyr at han måtte stå på venteliste.»

Jan Ove var yngst av fire sysken, så det var ikkje sjølvsagt at det var han som skulle overta.

«Me hadde tomt på Vigrestad og skulle til å bygga», seier Inger Lise, «men eg visste jo at han hadde lyst på heimegarden. Så eg bad han sjekka opp kven som skulle overta. Han ringte faren og to dagar seinare hadde han odel. Eg sa at eg kunne vera med, men då ville eg ha nytt hus. Det fekk eg. Me flytta inn i 1996.»

Foto: Hannah Hansen Ersland.

Tekst om pelskåpa: Nokre år etter at dei overtok drifta, sorterte dei ut skinn til ei kåpe for Inger Lise. Kåpa er femten år gammal nå og like flott, sjølv om ho blir brukt ofte, både haust og vinter.

Det gjekk fire før år Jan Ove overtok for fullt. Inger Lise har heile tida hatt arbeid utanfor garden, og dei har tre barn, men ho har hjelpt til med minkane òg.

«Eg har vore lettare assistent,» sier ho. «Gjort alt utanom å handtera levande dyr.»

«Ho har vore med i alle sesongar der det var toppar», seier Jan Ove. «Og så har me hatt ein tilsett til å hjelpa oss.»

Produksjonen vaks frå 25 tisper i 1960 til rundt 2000 tisper. Det kravde nye og større bygningar i fleire omgangar. Dei har bygd sjølv.

«Då kan du utnytta ledig tid», seier Jan Ove. Om vinteren syr du bura saman, om våren byggjer du huset. Så er dei klare til sommaren. Det er heilt vanleg prosedyre. Då held du byggekostnaden nede. Då husa begynte å bli større, blei det vanleg at to eller tre pelsdyrbønder gjekk saman. I år byggjer me hos deg, neste år hos meg. Me bytta arbeid og brukte ikkje pengar. Utruleg sosialt var det òg. Det gamle dugnadsprinsippet levde heilt til slutten.»

På eit tidspunkt gjorde dei pelsinga både hos seg sjølv og hos tre andre bønder.

«Det var herleg», seier Jan Ove. «Då sleppte me jaget med å få dei av garde til sentralen. Dei siste åra har me levert til pelsing og berre måtta avliva dyra. Det var ikkje noko problem å avliva 700 på ein dag.»

Det tar 30 sekund å gassa i hjel ein mink. I gode år fekk dei nærare 10 000 kvelpar. Etter avliving leverte dei dyra til flåing og skraping, før dei fekk skinna tilbake igjen til torking og etterbehandling.

På syttitalet var det skinnauksjon i Oslo, men etterkvart blei marknaden for liten og jærbuane begynte å senda skinna til auksjonen i København. Det har lenge vore slik at marknaden for mink har vore best i Danmark, medan dei som dreiv med rev retta seg mot Finland.

Jan Ove og Inger Lise har vore på auksjonen i København tre-fire gonger. Der kan det vera 500 oppkjøparar og vill bodkrig. Dei handlar i buntar på 200 skinn. Over tre dagar kan det bli omsett åtte millionar skinn.

«Det er så intenst», seier Inger Lise. «Auksjonariusane skiftar kvart femtande eller tjuande minutt. Me som kom for å sjå på, måtte stå heilt stilt oppetter veggen.  Oppkjøparane sit på stolar på ulike platå. Eg trur det er ei rangsystem.»

Bortsett frå små svingingar i pelsprisen, har den største utfordringa vore sjukdom. Det ramma farmen alvorleg to gonger.

«Den siste hallen stod klar i 2015, då hadde me plass til 2100 tisper på farmen. Men me kom aldri så langt», seier Jan Ove. «Året etter blei me ramma av eit virus som tidlegare ikkje var påvist i Noreg. Me måtte redusera dyretalet. Med større plass til dyra, døydde viruset ut. Det slo skrekkeleg dårleg ut for oss.»

Men det var 1995 som var sjølve annus horriblis for pelsdyrbøndene på Jæren. Rundt 100 000 mink døydde. Det var faren Odd som dreiv garden då.

«Eg hugsar dagen», seier Jan Ove, «ein svart dag. Me budde på Vigrestad og sat og åt, høyrde på nyheitene at det var massedød blant mink i Rogaland. Då heiv me oss i bilen.» Faren trefte dei i gardsrommet. «Han var heilt utkøyrt av å nappa ut daude dyr. Det var botulisme, ein sopp i maten. På mange gardar døydde alle dyr. Her på garden var me ganske nedrulla. Avlsmateriale og alt forsvann. Til å begynna med var det tungt, men så begynte far å ta inn dyr frå Danmark. Då fekk me inn gode dyr, betre lynne og betre skinn. Betre betaling. Alt i alt førte det til eit løft for næringa, men det var forferdeleg då det stod på.»  

Sidan har alle minkar blitt vaksinerte, og sjukdommen har ikkje vore eit problem. På det meste tok Jan Ove og Inger Lise imot åtte tonn mat tre gonger i veka, endå meir om sommaren og hausten.

Rett etter at dei hadde avslutta drifta, blei dei inviterte til Bryne vidaregåande for å vera med på ein debatt om samfunnsengasjement og politisk påverknad.

«Elevane skulle læra at det som blir bestemt i Oslo får betydning heime hos deg sjølv», seier Inger Lise.

«Det var artig», seier Jan Ove. «Det kom inn ei som var unaturleg brun, sikkert med spray-tan, og ein feit, svær pelskrage. Ho var heilt imot pels.»

«Det var berre ein liten krage», protesterer Inger Lise. «Til den gjekk det berre eitt dyr.»

«Hallo! Viss du sel 1000 jakkar med pelskrage, då blir det 1000 dyr. Det klarte ho ikkje å sjå. Ho forsvarte seg sjølv.»

Han ler.

«Me har vore utruleg heldige. Nå når me har fått det meir på avstand. Det har vore forferdeleg å måtta legga ned, men me var jammen heldige som fekk vera med på dette eventyret.»

«Me har fått vera mykje heime med ungane våre», legg Inger Lise til.

I tillegg til å intervjua bøndene har Grimstvedt og Ersland samla gjenstandar til ei utstilling på Vitengarden. «Me har faktisk ein plan om å setta opp eit revehus på Vitengarden», seier Grimstvedt.

Dét kan bli spennande formidling!

Ersland og Grimstvedt har intervjua fleire pelsdyrbønder. Foto: Ingeborg Skrudland.