I anledning den internasjonale museumsdagen 18. mai, i regi av International Council of Museums (ICOM) kor Jærmuseet er stolt medlem, deler direktør Jærmuseet, Atle Fiskå, nokon tankar omkring musea si nåverande og framtidige betydning for samfunnet.
«Musea har alltid vore kunnskapsinstitusjonar og det er viktig at me held fram med å sette forsking og utdanning høgt» seier Atle Fiskå entusiastisk.
Gratis inngang til kunnskap
Som eit tiltak for å nå ut til fleire med denne kunnskapsformidlinga hadde Jærmuseet, saman med fleire andre museum verda over, gratis inngang på ulike museumsanlegg 18. mai. Hjå Jærmuseet blei dette gjort blant anna på Vitenfabrikken.
Museumsdirektøren synest dette er eit viktig tiltak som «skal gjer at enda fleire kan få oppleva alle dei fantastiske utstillingane og aktivitetane som er å finne på ulike museum og vitensenter verda over».
Viktig formidlar av kunnskap
«Årleg har Jærmuseet sine avdelingar om lag 50 000 barn og unge i organisert formidling som er knytt opp til fagplan i skuleverket frå barnehage til vidaregåande» konstaterer Fiskå.
«I tillegg har Jærmuseet fagfolk som jobbar og underviser på universitetsnivå. Undervising har alltid vore viktig og prioritert i Jærmuseet» understrek han.
Kunnskapsproduksjonen i Jærmuseet
«Dei siste åra har me hatt eit ekstra fokus på forsking og kunnskapsproduksjon»
Som eksempel trekk han fram førstekonservator ved Jærmuseet, Anne Jorunn Frøien, si forskingsavhandling «Fyll Jorden og legg den under dere» . Denne avhandlinga demonstrerte at det er blitt nytta sprøytemidlar i det norske landbruket tilbake til 1920, mykje lenger en kva ein har trudd tidlegare. (Frøien, 2022)
I tillegg trekk Fiskå fram det pågåande forskingsarbeidet til konservator Sondre B. Hvam NMF, ved Jærmuseet avdeling Flyhistorisk museum Sola. Arbeidet omhandlar norske militærflygarar sine opplevingar gjennom den kalde krigen. Arbeidet med doktorgradsavhandlinga er i desse dagar i sluttfasen.
Nyleg inngjekk Jærmuseet og Universitetet ein samarbeidsavtale som kan «vere med å løfte kompetansen til Jærmuseet på forskingsfeltet» Legg Fiskå til.
Museumskollegaer som lev under krig og beleiring i 2024
Atle Fiskå minner om at 2024 bær preg av at ukrainske og palestinske museumskollegaer som har fått sine liv øydelagt.
«Det er og viktig denne dagen, 18. mai, at me har ekstra fokus på dei som lev under krig og beleiring.» seier Fiskå og presiserar at «me tenkjer på våre museumskollegaer i Ukraina og Gaza».
Mange kulturminne og utdanningsinstitusjonar i Ukraina og Gaza vore utsett for skader og øydeleggingar i følgje UNESCO. Jærmuseets direktør peiker på at øydelegging av kulturminne er noko som ikkje er ein ukjent taktikk i militære operasjonar.
«Kulturminner blir bomba og øydelagt og ofte med viten og vilje for å ta vekk identiteten og kulturarven og får å bryte ned befolkninga i området».
Fiskå trekk også fram den nye meldinga frå Museumforbundet, som han fortel «oppfordrar til at regjeringa stepper opp arbeidet med å få en slutt på de store konfliktane så folk kan komme tilbake til sine liv og tilbake til sitt virke.»
Jærmuseet si rolle som kunnskapsformidlar i framtida
«Framtidas utfordringar er mange, frå klima til korleis teknologien vil påverke våre liv framover. Det har vore mykje snakk om kunstig intelligens (KI) og korleis det vil påverke oss i dag og i framtida» konstaterer Fiskå og held fram.
«Derfor er det viktig at me [Jærmuseet] er med og auker kunnskapsnivået blant barn og unge.» og legg til at «Eg trur at det er behov for museum og vitensentera i framtida, og at me blir brukt og har stor tillit i samfunnet», konkluderer han.
Jærmuseet jobbar aktivt med å auke kunnskapsnivå både internt og eksternt om korleis vitenskap og kunnskapsproduksjon påverk samfunnet og motsatt. Men ikkje minst korleis Jærmuseet kan jobbe med å nå fleire med sin kunnskapsformidling i framtida.
Derfor hadde og Jærmuseet glede av å invitere fleire museum i Rogaland og Univseritetet i Stavanger saman med tilsette i Jærmuseet, til foredrag 21. mai med Professor Massimiani Bucchi frå University of Trento i Italia.
Foredraget, med namnet Science in Society, ga ny insikt i- og kunnskap om korleis Jærmuseet kan jobbe med å nå fleire av dei som ikkje nytter seg av museumstilbod verden over. Men ikkje minst auka dette bevisstgjeringa omkring utfordringar og moglegheiter innan kunnskapsformidling som musea vil møte på framover.
Det kjem ein artikkel og video om dette spennande og lærerike foredraget ila kort tid.