Disputas: Sprøytemiddel og norsk jordbruk

Fredag 2. september disputerer Jærmuseet sin konservator, Anne Jorunn Frøyen, for ph.d.-graden med avhandlinga «Fyll jorden og legg den under dere». Jordbruk, gift og natur i Norge frå 1875 til 1975.

Frøyen har fulgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for humaniora og pedagogikk ved UiA, med spesialisering i religion, filosofi og historie.

Ho er tilsett ved Jærmuseet, og ho disputerer etter ordninga offentleg sektor ph.d. ved Norges Forskingsråd. Disputasen foregår kl. 12:00 og blir strauma på denne lenkja: www.uia.no/live/event/disputas

Oppsummering av avhandlinga av Anne Jorunn Frøyen:

Sprøytemiddel og norsk jordbruk

Tittel på avhandlinga: «Fyll jorden og legg den under dere». Jordbruk, gift og natur i Norge frå 1875 til 1995.

Uroa over bruken av sprøytemiddel er ikkje ny

På få tiår har talet på insekt minska dramatisk. Det er veksande uro for følgjene av utviklinga og bruken av plantevernmiddel i jordbruket er peika på som ei av årsakene til utviklinga.

Boka «Den tause våren»av Rachel Carson kom på norsk i 1963, og åtvara mot slike verknadar av plantevernmidla og særleg DDT. Ho fekk også stor merksemd, men endra ikkje sprøytepraksisar.

Norsk jordbruk har i dag mål om å bruke minst mogleg plantevernmiddel. Vi kan betrakte det som ei erkjenning av at slike kjemiske middel har uføreseielege verknadar, og at det er vanskeleg å klare seg utan.

I denne monografien undersøker Anne Jorunn Frøyen kva som gjekk føre seg då norsk jordbruk blei avhengig av slike middel, og korleis samhandlinga mellom levande og kjemikalia blei forstått i åra før og etter.

Årsaker til at sprøytemiddel vart integrert i drifta

Med utgangspunkt i Rogaland er konklusjonen at sprøytemiddel blei integrert i jordbruksdrifta i åra frå 1910 til 1920. Då blei det vanleg å sprøyte kornåkrar med svovelsyre for å drepe ugras, og å sprøyte frukttre med til dømes nikotin, eller tungmetalla bly og arsen for å kontrollere insekt eller sopp.

Det var fleire årsaker til endringa i andre tiåret av 1900-talet.

Frøyen peikar på omleggingar i jordarbeidet og betre og meir gjødsling. Det førte til at det blei større mengder av ugras og andre organismar som skada avlingane, både i kvalitet og kvantitet. Skadegjerarane blei fleire og synleggjorde samtidig at det moderne jordbruket også hadde ei nedside. I denne situasjonen blei gift eit nytt og lovande middel.

Landbruksingeniørar sette i verk ei rekkje tiltak for å overtale bønder til å ta i bruk sprøytemidla. Eit av dei viktigaste var det Frøyen kallar arenaer for underverk. Dette var formidlingsarenaer designa for å vise fram underverka kjemikalia var i stand til å utrette i åkrane.

Førestillinga om to typar naturar

Frøyen viser at plantevernmidla påverka førestillingar om samanhengar i natur.

I 1870-åra meinte ein at det eksisterte ein balanse i natur. Balansen kunne komme ut av likevekt, og medføre oppblomstring av visse artar levande. Etter ei tid ville balansen bli reetablert av seg sjølv.

I 1920 var det etablert ei førestilling om at det fanst to typar naturar.

Åker, eng og hage blei skild ut som kunstig natur. Der var det nødvendig med kunstige middel for å halde levande i sjakk.

Utanfor var natur i balanse.

I 1995 eksisterte skiljet framleis, i ein natur sette menneske inn tiltak for å temje levande, i anna natur var det balanse. Førestillinga om to naturar medverka til at plantevernmidla blei betrakta som forståelege og nødvendige reiskapar for jordbruket.

Tidleg forståing av negative konsekvensar

Allereie frå 1890-åra var ein klar over at slike gifter hadde negative konsekvensar. Dei drap nyttige humler og bier, arsenatar kunne forgifte menneske, svovelsyra etsa hud, og etter andre verdskrigen kom det åtvaringar om at plantevernmiddel kunne bli akkumulert i menneskekroppar og med store skadeverknadar.

Løysinga blei å søke å regjere over giftene ved å velje rett middel, berre sprøyte til visse tider, og å opprette ein fysisk barriere mellom menneske og giftene.

Den overordna ideen om at det var mogleg å regjere over natur, og over samhandlingar mellom plantevernmiddel og levande, førte også til at det var naturleg å bruke giftene i norsk kontekst.

Vi har kunnskapar om at plantevernmidla har negative og uføresette verknadar på insektpopulasjonar. Frøyen konkluderer at førestillingar om natur og om plantevernmidla bidreg til å forklare kvifor sprøytepraksisar er vanskelege å endre.

Disputasfakta

Prøveforelesing og disputas finn stad i Auditorium B1 007, Campus Kristiansand og vert strauma (lekkje kjem her).

Disputasen blir leia av prodekan for forsking, Gunhild Kvåle, Fakultet for humaniora og pedagogikk, Universitetet i Agder.

Prøveforelesing fredag 2. september kl 10:00
Disputas fredag 2. september kl 12:00

Oppgitt emne for prøveforelesing«Berekraftig bruk av plantevernmiddel i historisk perspektiv»

Tittel på avhandling««Fyll jorden og legg den under dere». Jordbruk, gift og natur i Norge frå 1875 til 1975»

Søk etter avhandlinga i AURA – Agder University Research Archive, som er eit digitalt arkiv for vitskapelege artiklar, avhandlingar og masteroppgåver frå ansatte og studentar ved Universitetet i Agder. AURA blir jevnleg oppdatert.

Avhandlinga er tilgjengeleg her:

 PhD Thesis Anne Jorunn Frøyen

KandidatenAnne Jorunn Frøyen (1962, Kalvåg i Sunnfjord) Cand. philol i historie, Universitetet i Bergen (2000). Tittel på hovudoppgåva: «Den driftige jærbonden, myte eller realitet?» 

I dag arbeidar ho som konservator NMF ved Jærmuseet.

Opponentar:

Førsteopponent: Universitetslektor, dr. Inger Olausson, Gøteborg universitet, Sverige

Annenopponent: Seniorforsker dr. philos Reidar Almås, Ruralis – Institutt for rural- og regionalforskning, NTNU

Bedømmelseskomitéen er leia av professor II ved Universitetet i Agder, Lise Rye, Institutt for historiske og klassiske studier, Det humanistiske fakultet, NTNU

Rettleiarar i doktorgradsarbeidet var professor May-Brith Ohman Nielsen, Universitetet i Agder (hovudrettleiar), professor emerita Eva Stina Jakobsson, Universitetet i Stavanger og professor Levi Geir Eidhamar, Universitetet i Agder (medrettleiarar)