Jærmuseet Science Circus søkjer pedagog/realist med digital kompetanse (digital potet)

Stillinga er ei to-årig prosjektstilling, 100%.

Trivst du i ein undervisingssituasjon med barn i alle aldrar? Liker du å leika?  Har du godt humør og klarer å ta ting på sparket? Er du i tillegg som poteta og kan brukast til alt? Ja, då kan det vera deg me ser etter.

Du må gjerne vera både pedagog og realist, eit snev av sirkusartist er heller ikkje å forakta, samt sosial, kreativ og nysgjerrig.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppsøkande verksemd til skular i heile Rogaland (korte overnattingsturar må påreknast)
  • Digital formidling
  • Vera med å utvikle og gjennomføre realfagshow
  • Utarbeide nye undervisningsopplegg innan realfag
  • Utvikle og gjennomføre lærarkurs innan realfag og teknologi
  • Hjelpa til på Jærmuseet sine andre vitensenteravdelingar Vitengarden og Vitenfabrikken (ved behov)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning innan realfag, helst mastergrad
  • Grunnleggande programmeringsforståing/-kompetanse
  • Interesse for programmering
  • Evne til å omsetja teori i praksis
  • Må trivast i ein undervisningssituasjon i lag med barn i alle aldrar
  • Fordel med eit par års erfaring frå undervisning (mellomtrinn/u-trinn, vgs), men nyutdanna må gjerne søke
  • Gjerne sitja på mengder av nyttig og unyttig informasjon
  • Sjølvgåande, lettlært og uredd
  • Snakka norsk og engelsk, samt kunne skriva nynorsk og bokmål
  • Førarkort klasse B

Jærmuseet tilbyr:

  • 100% prosjektstilling i to år, med moglegheit for forlenging
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • Kreativt arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Kontorplass på Vitengarden, Nærbø

Om Science Circus

Science Circus er Jærmuseet sitt omreisande vitensenter – eit vitensenter på hjul!

Science Circus har som målsetting å pirra nysgjerrigheita og undringa til barn og ungdom innan naturvitskap og matematikk. Me prøver å stimulera alle delar av skulesamfunnet.

Jærmuseet Science Circus reiser i hovudsak rundt til skulane i Rogaland, men har òg vore på turnè både i Agder-fylka, på Island og på Færøyane.

Besøk til skulane består ofte av show, interaktive eksperiment i matematikk , naturfag og astronomi og undervisning av elevar. Science Circus held òg lærarkurs. Alle elementa er bygd opp etter hovudmåla i Kunnskapsløftet.

Science Circus har som målsetting:

  • Å gi elevane ei oppleving med realfag som dei hugsar
  • Skapa nysgjerrigheit og visa at realfag er spennande
  • At ein kan læra noko samtidig som ein har det moro

Om Jærmuseet

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.
Museet har ca 70 årsverk og driv 13 ulike besøksanlegg i sju kommunar.

Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling.
Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi.

Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.

I 2009 fekk Jærmuseet prisen for Årets Museum i Noreg. Same året vann òg museet «the European Michelletti Award» for beste teknologiske museum.

Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.

Søknadsfrist 20. februar 2022

For meir informasjon eller spørsmål, kontakt:

Avdelingsleiar Science Circus, Magne Hognestad

Telefon: 95 29 45 36

E-post: mho@jaermuseet.no