Eit besøk på eit av våre ni sommaropne museum vil gje innsikt i den jærske historia gjennom interaktive utstillingar og aktivitetar, like gilde for store som små. Opplev forrykande show, besøk dyra på garden, «snurr» dikt, studer militære og sivile fly, gå opp i fyret og finn ut koss fyrvaktaren budde, eller nyt utsika og roen i dei gamle gardstuna som fortel om livet på Jæren i eldre tid. Sjå nedanfor for detaljar om det enkelte museet, program og opningstider i sommar.
Vitenfabrikken
På Vitenfabrikken vil det kvar dag heile sommarferien vera ulike show og aktivitetar. Vitenfabrikken sin unike attraksjon, Planetariet, vil ha fleire ulike visningar kvar dag, i tillegg er det realfagsshow, demonstrasjon av Tesla-Coil og ulike familieaktivitetar. Rett før sommaren opna to nye utstillingar: LEGO-rommet og De tre små griser – for de minste. Trykk her for full oversikt over sommarprogrammet. Ope tysdag – sundag kl. 11.00 – 17.00. Stengt måndag.
Vitengarden
På Vitengarden er det utstillingar ute og inne knytta opp til ulike tema om landbruk, matproduksjon og dei grøne naturvitskapane. Garden er ein gild stad å vera, her får du kome tett på mange ulike dyr og hoppe i høyet. Nyheita på Vitengarden i år er Vassdansen – truleg den einaste fontenen i verda som du sjølv kan programmera. Programmer vasstrålene først – og så leik i fontenen etterpå. I utstillinga Sauen kan dei små prøva seg som dyrleger i småfeklinikken. Vitengarden har óg ei av dei største samlingane av traktorar og landbruksreiskap i landet. I utstillinga «Traktorliv» får du sjå 30 traktorar frå ulike tidsepokar. Ope måndag – fredag kl. 10.00 – 16.00, sundag kl. 12.00 – 17.00. Stengt laurdag.
Tungenes fyr
Tungenes fyr ligg i Randaberg, heilt på nordspissen av Jæren. I over 150 år har fyret markert innseglinga til Stavanger. Tungenes fyr er eit godt eigna turmål. Her kan du sjå storslått natur, få omvising på fyret og nyta heimelaga kaker og ein kopp kaffi i kafèen etterpå. Fin turveg frå parkeringsplassen og opp til fyret. Ope måndag – sundag kl. 12.00 – 16.00
Flyhistorisk museum Sola
Flyhistorisk museum Sola ligg like ved Stavanger lufthavn, Sola. Her får du sjå ei imponerande samling av over 30 fly samt fleire gjenstandar. Det nyaste flyet i utstillinga er Messerschmitt Bf 109, som for 30 år sidan vart «fanga» av ein reketrålar i Sirevåg. Sidan då er det lagt ned over 26.000 dugnadstimar i restaureringa av flyet. Utanfor museet, får du også sjå DC-6B, det tidlegare Braathens-flyet som kom frå Alaska til Sola i 2020. Ope tysdag – sundag kl. 12.00 – 16.00. Stengt måndag.
Torpedoverkstedet
Torpedoverkstedet ligg like ved Flyhistorisk Museum Sola. Her er utstillinga «Fortellinger fra andre verdenskrig» som opna for første gong i 2020. Her vert krigen formidla gjennom eit utval personar med lokalhistorisk tilhøyre. Personhistoriane har óg forgreiningar ut i den store vera. Utstillinga passar for ungdomsskulealder og oppover. Ope tysdag – sundag kl. 12.00 – 16.00. Stengt måndag. Her gjeld same billett som til Flyhistorisk Museum.
Garborg-anlegga
Jærmuseet har tre stader der du kan bli betre kjent med forfattarparet Arne Garborg (1851-1924) og Hulda Garborg (1862-1934):
- Garborgsenteret er eit interaktivt museum og besøkssenter. Her skal du ikkje bare sjå og lytta, men vera kreativ, konkurrera og løysa oppgåver. På denne måten vert du kjent med ekteskapet til Arne og Hulda Garborg, men òg med språk, demokrati, litteratur, modernitet og tradisjon, media, livs- og samfunnsyn. Ope måndag til laurdag kl. 10.00 – 15.00.
- Garborgheimen er Arne Garborg sin barndomsheim. Eit stilreint, godt bevart jærhus med innreiing og møbler frå 1850-åra. Ope alle dagar i juli og første halvdel av august kl. 12.00 – 17.00.
- Knudaheio er Arne Garborg sin sommarstove ved Undheim. Han reiste hit for å skriva nesten kvart år frå huset stod ferdig i 1899 til han døydde i 1924. På Knudaheio er det fantastisk utsikt over Låg-Jæren. Her kan du òg gå opp til det kjente stein-hovudet «an Aadne». Ope alle dagar i juli og første halvdel av august kl. 12.00 – 17.00.
Grødaland
Grødaland er eit av dei finaste og best bevarte gardsanlegga i Rogaland – ein typisk sjøgard med flott utsyn mot havet i vest. Grødaland ligg like ved Kongevegen. Ta gjerne ein tur og stopp i tunet. Sal av kaffi, is, brus og kjeks. Ope sundagar kl. 12.00 – 16.00.
Limagarden
Limagarden er fjellgarden i Gjesdal, eit gardstun med bygningar frå 1870-1939. Garden ligg i eit gammalt og vakkert kulturlandskap like utanfor Ålgård. Kombiner gjerne besøket med ein tur i heia bak Limagarden. Her er det fleire kulturminne, og flott utsikt. Limagarden har sal av kaffi, is, brus og kjeks. Ope sundagar kl. 12.00 – 16.00.
Haugabakka
Trygve Stangeland og forfattar Torvald Tu var livskjærastar. I den nye friluftsutstillinga i hagen på Haugabakka i Klepp kan du nå sjå bilete frå det private fotoalbumet deira. Utstillinga er tilgjengeleg heile døgnet, og det er gratis å gå inn i hagen.
Sommarpasset
Når du besøker eit av musea, får alle barn over fire år utdelt sommarpasset til Jærmuseet. Her kan du samle stempel på kvart museum. Når du har besøkt fire eller fleire, kan du levere passet inn på Garborgsenteret, Vitenfabrikken eller Vitengarden og få ein premie.