Ledig stilling: Digital marknads- og kommunikasjonskonsulent

Jærmuseet har ledig eit eitt-årig engasjement i ei nyoppretta 100% stilling.

Om stillinga

Stillinga er nyoppretta og skal marknadsføra aktiviteten ved dei 12 museumsanlegga, det omreisande vitensenteret Science Circus samt samlings- og dokumentasjonsarbeidet vårt. 

Jærmuseet er på jakt etter ein initiativrik og kreativ person til å styrka vår marknads- og kommunikasjonsavdeling. Me søker deg som er god på å koordinera og gjennomføra. Du er helst ekspert på SoMe og moglegheitene som finst her. Du er flink til å uttrykka deg skriftleg, men òg ved hjelp av foto og film. Du må kunne sjonglera fleire ballar i lufta på ei gong, samtidig som du sikrar at alle ballane hamnar i rett mål. Du må trivast med folk (og gjerne òg med fe).  Du må lika deg både bak og gjerne også framfor kameraet. Du må ha lyst å dela med andre det arbeidet du gjer. Jærmuseet nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.

Lenke til strategiplan.

Arbeidsoppgåver:

  • Styrka Jærmuseet sitt omdømme og merkevare gjennom god marknadsføring og kommunikasjon
  • Planlegging, produksjon, distribusjon og oppfølging av kampanjar og marknadsføring i samarbeid med avdelingane, med særleg fokus på digitalt innhald
  • Produsera nyheitssaker til digitale flater og pressemeldingar
  • Sørga for oppdatert innhald på nettsida
  • Skriva og senda ut nyheitsbrev
  • Analyse og evaluering av marknadskampanjar
  • Utvikla marknadsmateriale

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på bachelornivå innan kommunikasjons-/medie-/ journalistikkfag
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensera for formell utdanning
  • Erfaring med innhaldsproduksjon, som bilete, video og tekst til ulike digitale kanalar
  • Ha blikk for kva innhald som fungerer i dei ulike kanalane
  • Ha blikk for gode motiv og kulissane
  • Må kunne skriva godt på nynorsk og gjerne òg på bokmål og engelsk
  • God på tekst for digitale flater
  • Kjennskap til dei siste trendande innan SoMe
  • Erfaring frå WordPress, Metas Business Manager og Google Ads er ein fordel
  • Førarkort klasse B

Eigenskaper:

  • Interesse for museum og vitensenter, og for formidling av historie og/eller vitskap
  • Vera sjølvgåande
  • Vera utadvendt, imøtekomande og samarbeidsvillig
  • Vera strukturert, men samtidig fleksibel
  • Trivast med ein hektisk arbeidskvardag

Alle tilsette må levera godkjent politiattest før tilsetting

Jærmuseet ønskjer mangfald i staben, og alle kvalifiserte personar vert oppfordra til å søkja, uavhengig av kulturell bakgrunn, alder og funksjonsevne.

Det vil verta lagt vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna til stillinga.

Jærmuseet tilbyr:

  • Eitt-årig engasjement i 100% stilling
  • Ein variert og ofte travel arbeidsdag i eit triveleg miljø
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • God pensjonsordning
  • Behandlingsforsikring
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

Hovudkontoret er på Nærbø, men det er forventa at stillinga arbeider på alle anlegga og har arbeidsplass fleire stader.

Kollegiet i Jærmuseet

Marknads- og kommunikasjonsavdelinga i Jærmuseet er ei lita avdeling som består av marknads- og kommunikasjonssjef, salskoordinator og informasjonsmedarbeidar (10%). I tillegg er det fleire på dei ulike avdelingane som bidrar i arbeidet.

I denne stillinga kjem du i kontakt med mange ulike yrkesgrupper som pedagogar, utstillingsansvarlege, butikk/resepsjonsansvarlege, driftskoordinatorar, kokkar, handverkarar, samlingsforvaltarar.

Spørsmål om stillinga

Elin Ravndal Bell

marknads- og kommunikasjonssjef

+47 90 80 38 64

erb@jaermuseet.no