Vinterferie

28. februar 2021 12-17
Vaksen 140 kr / barn 75 kr / familie 380 kr

Velkommen til Vitengarden i vinterferien.

Her er det store områder å utforska, både inne og ute. Du kan bruka timevis med store og små barn, teste siloheisen, sjå på traktorar, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme», prøva deg som veterinær eller kjempa mot roboten i ostepakking. På garden kan du du treffe og komma tett på hester, gjess, høner, sauer, griser og kyr. På løa kan du hoppa i høyet.

 

Våren nærmar seg og det er tida for å sette ut fuglekassar og humlekassar.

Bli med på familieverkstad:

Kl. 1230: Snekre din eigen fuglekasse, og lær litt om kva for nokre fuglar som kan trivast der.

Kl. 1330: Lær litt om årshjulet til humla og korleis du kan legga til rette for humla i din eigen hage. Snekre ein humlekasse og ta han med heim.

Kl. 1430: Snekre din eigen fuglekasse, og lær litt om kva for nokre fuglar som kan trivast der.

Kl. 1530: Lær litt om årshjulet til humla og korleis du kan legga til rette for humla i din eigen hage. Snekre ein humlekasse og ta han med heim.

Pris 50 kr kasse

 

Denne dagen kan du kjøpa sundagsmiddag i kafeen; Komla med saltkjøtt, pølse og kålrabi.

I tillegg har me som vanleg deilige heimebakte rundstykke, suppe, lappar, kake og mykje meir.

 

Du kan bestille inngangsbillett til Vitengarden på førehand. Det gjer du her. 

Tiltaka Vitengarden gjer for smittevern kan du lesa her.