29. november 13:00
Storgata 28, 4307 Sandnes

For 30. gongen har Jærmuseet saman med gode samarbeidspartnarar og forfattarar laga årboka Sjå Jæren. Me ynskjer å markera dette og inviterer deg til årbokslepp på Vitenfabrikken. Du møter forfattarane og får smakebitar frå boka. Det blir òg litt å bita i.

Artiklar har stor spennvidde i tid og tema:

  • 150-årsjbilanten, firmaet Jonas Øglænd og «Ø-byen» Sandnes
  • Maktkampen mellom to markante personar, predikanten Lars Oftedal og Mauritz Kartevold, Sandnespolitikar og fråhaldsaktivist
  • Den gang kråker var en delikatesse på rikmannsbord
  • Modellskipsbyggjaren Karsten Åsland

Årboka er til sals hjå utvalde bokhandlarar, Hå Gamle Prestegard, Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret.