Kjøp årskort i gåve

Kjøp ei gåve som gjer gode opplevingar i eit heilt år. Jærmuseet sitt årskort gjeld frå dato til dato – gjennom 52 veker, og kan bli brukt så mykje ein vil på heile 13 publikumsopne anlegg. Med årskortet kan du med god samvit koma innom berre for ein snarvisitt – eller nytta tilbodet ein heil dag.  

Daarskortu kan kjøpa kort som gjeld for enkeltpersonar eller kort som gjeld for heile familien, anten det er foreldre med 3 barn eller besteforeldre med 3 barnebarn.

Nokre avdelingar, som Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret har opent heile året, medan dei andre anlegga er sesongopne med gilde aktivitetsdagar i sesongen april – september. Totalt har Jærmuseet 70 aktivitetsdagar gjennom året – fordelt på anlegg i sju kommunar på Jæren.

Når du kjøper årskort via lenka under, får du tilsendt eit gåvekort til verdi av årskortet du kjøper. Dette vert bytta inn i årskortet ved første besøk slik at du kan besøke oss eit heilt år frå dato på første besøk. Årskortet kan og kjøpast i resepsjonen på Vitenfabrikken, Vitengarden eller Garborgsenteret.

Årskortet er personleg og kan ikkje nyttast av andre. Leveringstid er 3-7 dagar. Siste frist for levering før jul er 18. desember 2017. Spørsmål kan rettast til garborg@jaermuseet.no

KJØP ÅRSKORT HER:

  •  x 
  •  x 
  •  x 
Legg i handlekurv