Det skjer i vinterferien

Er du ein av dei mange som skal tilbringa ferien på Jæren? Kanskje får du besøk og vil ut på noko gildt saman? Fortvil ikkje, både Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret har eit stort aktivitetsprogram.

Foto: Rune Helliesen / Jærmuseet

Vinterferie med tidsreise, bygging av gigantisk kamera og redesign på Vitenfabrikken

I vinterferien kan du vera med på gilde aktivitetar på Vitenfabrikken. Reis i tidsmaskinen, eller bygg eit gigantisk kamera! I det store LEGO-rommet er det tusenvis av LEGO- og DUPLO-klossar. Planetariet på Vitenfabrikken er eit høgdepunkt om du likar verdsrommet – len deg tilbake og reis ut til stjerner og planetar. Og kvar dag er det vitenshow. Heile den interaktive utstillinga på fire etasjar er open.

UngdomsMakerspace har eit eige gratistilbod med redesign for ungdom over 10 år tysdag-fredag. Møt opp kl. 11.30 og lag dine eigne design! 

Les meir om vinterferieprogrammet på Vitenfabrikken.

Vitenfabrikken har opent alle dagar.

Måndag-fredag kl. 11-16, laurdag kl. 11-17 og sundag kl. 12-17.

Utforsk med hydraulikk på Vitengarden

Kom til Vitengarden i vinterferien og bli enda betre kjent med hydraulikk. Det vert familieverkstad og mini-eksperiment. Utstillinga “Jæren blir til” er ny – her kan du sjå koss Jæren har endra seg frå istida for 150.000 år sidan og fram til i dag. I den mørke tunnelen finn du fleire skattar og overraskingar.

I tillegg er det aktivitetar både inne og ute, så her kan ein kosa seg i allslags vèr.  Utstillingane er opne, og dyra på garden er som alltid klar for eit besøk og litt kos. I høyet kan du slenga deg i tauet eller bygga ei fin hytte. Sjå her for programmet i vinteferien. Opent måndag – fredag kl. 10-15, laurdagar stengt, sundagar kl. 12-17.

Detektiv på Garborgsenteret

På Garborgsenteret får du leika detektiv. Kven har stjåle treskoa til Arne Garborg? Bli med på det escape-rom inspirerte Treskomysteriet – løys kodar og oppgåver og sjå om du finn ut kven den skuldige er! Ope måndag – laurdag kl. 10 – 15.

Tungenes fyr

Tungenes fyr har ope sundagar frå kl. 12.00 – 16.00. Her kan du gå opp i fyret, ta deg ein fin tur langs sjøen og besøka kaféen der lag og organisasjonar i Randaberg sel kake, kaffi og anna godt.

Vinterferie = museumsopplevingar

Vis fram billetten frå ditt første museumsbesøk på det neste museet du besøker i regionen, og få 2+% rabatt.

Gjeld i perioden 21. februar til 1. mars.

Dette gjeld for Norsk Oljemuseum, Vitenfabrikken, Vitengarden. Garborgsenteret, Stavanger museum og Norsk barnemuseum, Stavanger maritime museum, IDDIS Norsk grafisk museum og Norsk hermetikkmuseum, Stavanger kunstmuseum og Arkeologisk museum.

Sjekk åpningstider og aktiviteter i vinterferien på museenes hjemmesider:

Arkeologisk Museum

Museum Stavanger

Norsk Oljemuseum