Dei som slost i Hafrsfjord

I 2022 var det 1150 år sidan den tradisjonelle dateringa av rikssamlinga, 872.

Helga 18. og 19. juni blei dette markert i Hafrsfjord, der det avgjerande slaget stod. 

Med Flymuseet sentralt plassert i Sømmevågen, hadde Jærmuseet ei naturleg plassering sentralt i festlegheitene. Utstilling i Torpedoverkstedet og vikingaktivitetar som å laga tau og snurra seg sitt eige vikingnamn, var noko av det Jærmuseet bidrog med. 5000 menneske besøkte Hafrsfjord denne helga, og mange av dei var innom oss! 

Jærmuseet har fått laga ei moglegheitsstudie for museumsområdet i Sømmevågen, som mellom anna inneheld eit sagasenter! Kanskje får me eit topp moderne museum- og parkanlegg rundt Flymuseet om nokre år?

I tillegg til aktivitetane tok me eit djupdykk i sagaverda og fram dei menneska som faktisk var med og slost skjebnedagen for 1150 år sidan. For Noreg var slaget ei avgjerande hending, noko me feirar, men for dei berørte, og kanskje særleg for rogalendingane, var slaget ein katastrofe. Lidingane under og etter ein krig var ikkje mindre i gamle dagar, og det kan vera både spennande og viktig å sjå litt nærare på dei som var med, og me presenterte minibiografiar på plakatar.

Sagauniverset gjev oss nemelg både namn og informasjon om sjølve slaget. Sagaane blei nedskrivne meir enn to hundre år etter slaget, men baserte seg på munnlege overleveringar, deriblant kvad som ikkje var så lette å forfalska, og er framleis den beste kjelda til det som skjedde. Kanskje finn me ikkje så mange harde fakta i dei gamle tekstane, men me får glimt av forspelet, etterspelet, nokre kampscenar og mange namn. Og personskjebnar bringer oss kanskje nærmare verkelegheita enn tal på menn og skip.

Dei ulike sagaane gjev oss faktisk namna på minst 22 av deltakarane i slaget

Mest kjende er sjølvsagt vinnaren Harald og hans nærmaste menn: onkelen Guttorm og vennen Ragnvald mørejarl. Men me har namn på tre av dei som kjempa på kongen sitt skip òg, sterke krigarar som stod heilt framme i stamnen. 

Me har namn på hovdingar som kom heim frå viking like før slaget og som måtte velja side. Det var eit vanskeleg val. Skulle dei kjempa for sida dei trudde ville vinna, eller for den dei meinte hadde rett og krav på landet? 

Og så har me namn på dei viktigaste kongane som prøvde å stansa Haralds erobringstokt: egdene Kjøtve og Haklang, hordakongen Eirik og rygene Sulke og Sote. Etter slaget blei det utoleleg for dei overlevande taparane i Noreg. Mange forlét gardane og rika sine, og slo seg ned i vesterveg på Island eller andre øyer. Det er også grunnen til at me veit så mykje om dei. Island blei delvis bygd av flyktningar frå Harald, og der bygde dei eit nytt samfunn med stor interesse for sin norske historie. Dette kom til uttrykk då sagaane blei skrivne ned. 

Me må ikkje gløyma at halve folket stod igjen som taparar.

Mange av namna har me frå Heimskringla og Haraldskvadet, men også Landnåmabok og islendingesagaane gjev viktig informasjon. Med Heimskringla og Egils saga har me både vinnarsida og taparsida sine versjonar. Dei utfyller kvarandre ypparleg, og den balanserte, presise og infløkte narrasjonen i begge tekstane styrkar truverdet.  

Alle kjeldene drar i same retning og skildrar eit samanhengande og forståeleg kampforløp, med vitne, gjenstandar, eigedomar, frendar og etterkommarar som sannsynleggjorde påstandane. 

Dette er dei som me veit var med og slost i Hafrsfjord: 

Guttorm   
Då Harald blei konge, var han berre ti år gammal. Dei første åra styrte onkelen Guttorm på hans vegner. Kjerneområdet låg i Opplanda. Guttorm likte kongen sin draum om å samla Noreg til eitt rike, og var strategen bak den første delen av rikssamlinga. Kanskje var det helst Harlvdan Svarte sin draum, og Guttorm formidla denne til Harald? 

Guttorm og Harald slost først med vikveringar, før dei gjekk over fjella nord til Trøndelag og la under seg landet der. Sidan drog dei sørover langs kysten og vann store sjøslag på Nordvestlandet. Guttorm fekk tittelen hertug for å visa at han var større enn ladejarlen og mørejarlen, men mindre enn Harald. Han deltok i alle dei store slaga til kongen. 

Etter slaget i Hafrsfjord vakta han Viken for danske og svenske angrep, men døydde snart av sjukdom. Sidan sønene hans var drepne av fiendar, var det Harald sine etterkommarar som fekk overta styringa der. 

Harald Hårfagre 
Harald, son av Halvdan Svarte, blei fødd midt på 800-talet. Faren døydde då Harald var ti år gammal. Nokre få år seinare gjorde han løftet om å ikkje klippa seg før Noreg var samla til eitt rike. Etter ti år blei løftet blei oppfylt gjennom sigeren i Hafrsfjord.  

Seinare måtte alle norske kongar visa til slektskap med Harald. Også Harald 5. er ein etterkommar etter han.  

Etter slaget klipte han seg og fekk tilnamnet Hårfagre. Han heldt seg for det meste på Vestlandet og i Trøndelag, og regjerte til han døydde på begynnelsen av 930-talet. Då var han over 80 år gammal.  

«Han var den vakraste og sterkaste av alle menn. Han var særs vis, forutsjåande og djerv; hermed styrka han lukka si og forsettet om å bli overherre over nordmennene sitt rike.» (Flatøybok) «Håret hadde same flotte farge som silke eller hamra gull, det fall i store lokker og hadde vore så langt at det var knytta i knuter under beltestedet.» (Tormod Torfæus)    

Ragnvald mørejarl  
Ragnvald Øysteinsson var ein mektig mann på Nordvestlandet. Han gjekk i kong Haralds teneste og fekk tittelen jarl av Møre. Saman med ladejarlen og Guttorm hertug, var han ein av kongens viktigaste menn.  

Snorre kalla han kongens beste venn. Etter slaget klipte han kongens hår og gav han tilnamnet Hårfagre. Ragnvald hjelpte kongen med å rydda vesterhavet for fiendar, og fekk  Orknøyene som lønn for dette. Han gav dette jarledømmet vidare til bror sin, og deretter til sønene sine.  

Ragnvald var gift med Hild, ei av dei første kvinnelege skaldane me kjenner. Den yngste sonen deira, Gange-Rolv, kom på kant med kongen og blei bortvist frå Noreg. Han enda opp som jarl av Normandie og blei forfar til englandskongane. Elizabeth 2. er ein etterkommar av Rolv og Ragnvald.   

Sulke og Sote 
Rogalandskongen Sulke slost i Hafrsfjord saman med bror sin, Sote jarl. Me veit ikkje så mykje om dei, men Sulke kan ha hatt tilhald på Avaldsnes, og Sote i Hafrsfjord der Sothaug ligg.  

Sote var eit vanleg namn og spegla mørkt hår eller hud, medan Sulke tyder “å sutra” og kan ha vore eit aukenamn gitt av fienden Harald sine skaldar. “Sute og Sulke” ville ha tydd noko liknande “trøyste og bære”, effektiv propaganda i tida før slaget. Tormod Torfæus seier at Sulke sitt eigentlege namn var Slokkve.   

Hafrsfjord og Utstein, som kan ha vore under brørne sin kontroll, må ha vore sentrale møtestadar før slaget. Begge brørne døydde i Hafrsfjord, og sigerherren Harald gav maktsenteret på Sola til Hordakåre-slekta. Erling Skjalgsson tilhøyrte denne slekta.  

Eirik hordakonge  
Eirik var konge i Hordaland. Han kan ha hatt gardar i Hardanger og Sunnhordland. Han var i slekt med mange av dei andre vestlandskongane. Han var også far til Gyda som den unge opplandskongen Harald forelska seg i. Interessa Harald viste for henne kan òg ha vore eit forsøk på å gifta seg til større rike, noko forfedrane hans hadde gjort med hell. 

Då Gyda kravde at Harald måtte erobra heile Noreg for hennar skuld, inviterte ho samstundes til krig mot far sin, hordakongen. Eirik var likevel sein til å snu seg, men blei ein av hovudmennene i motstanden mot Harald i Hafrsfjord, der han blei drepen.  

Etter sigeren sendte Harald bod på Gyda, og dei fekk fem ungar saman.  

Tore Haklang  og Kjøtve den rike
Tore Haklang var son av egdekongen Kjøtve den rike, som også deltok i slaget.  

«Kong Harald la til kamp mot Tore Haklang sitt skip, for Tore var ein vill berserk og ein modig mann. Der slost dei hardt frå begge sider. Då ropte kongen på berserkane og bad dei gå på; dei ble kalla «ulvepelsar» og jern beit ikkje på dei. Tore slost djervt og fall på skipet sitt som ein staut kar. Så blei det rydda frå stamn til stamn og hogd laus frå dei andre skipa; det seig då akterut mellom dei.” (Grettes saga)  

Faren overlevde slaget, men tapte riket sitt. Kjøtve tilbad Frøy,og namnet kan tyda «heilag tjukkas». “Haklang” blir vanlegvis tolka som “lang hake”, men kan òg ha tydd “den lange mannen med haka” eller “- hareskåret”.  

I Vatnsdøla saga blir faren kalla Asbørn Kjøtve. 

Olve Nuva  
Olve drog i viking kvar sommar til den dagen han fekk auge på dottera til sognejarlen. Etter dette blei han gåande heime og dikta kjærleikskvad. Nokre av dei var så usedelege at brørne hennar ville drepa han.   

Olve flykta til kong Harald. I Hafrsfjord stod han fremst på kongens skip saman med bror sin, Øyvind, og frenden Torolv Kveldulvsson. Då Torolv kom på kant med kongen nokre år seinare, ville Olve reisa sin veg. Harald nekta han dette av di han hadde bruk for skaldskapen hans.  

Tilnamnet Nuva tyder “nase” og det tyder på at Olve anten hadde mista nasen sin eller at han hadde for vane å hogga av andre sin. Han var ein ekte enfant terrible i ei tid med mange hardføre unge menn.  

Øyvind Lambe
Øyvind var Olve sin bror og stod saman med han og Torolv Kveldulvsson fremst på kongen sitt skip. 

Lambe tyder “lam”. Kanskje hadde han krøller? 

Torolv Kveldulvsson  
Torolv tilhøyrte ei av ettertidas mest kjende vikingslekter. Han var son av hovdingen Kveldulv, bror til Skallagrim og onkel til Egil Skallagrimsson. Familien kom på kant med kong Harald, men først slost Torolv på hans side i Hafrsfjord. Han blei hardt skadd, men overlevde og blei godt løna.  

Torolv blei stor på det og kongen fekk han drept. Faren og broren hemna seg ved å ta Torolv sitt skip tilbake og drepa mannskapet. Mellom dei var nokre av kongen sine slektningar. Etter ugjerninga sendte Kveldulv denne meldinga til kongen, det første kvadet med enderim i norrøn litteratur:  

«Nå hersen har  
gitt kongen svar!  
På ynglings ætt  
åt varg seg mett.»  

Slekta til Torolv emigrerte til Island, men feiden fortsette i fleire generasjonar.  

Bård Sterke
Også kalla Bård Kvite. Han var Torolv sin beste venn. Han døydde av skadane han pådrog seg i Hafrsfjord, men rakk å be Torolv ta over hersegarden og familien hans på Torgar på Helgeland. Torolv gifta seg så med Bård si kone. 

Torgils Gjallande
Torolv sin nærmaste mann på Helgeland. Styrte skipet hans Hafrsfjord, då Torolv sstod på kongen sitt. Tilnamnet Gjallande tyder på at han hadde sterk stemme, noko som må ha vore nyttig i Hafrsfjord. 

Bidrog til å hemna Torolv etter feiden med kong Harald. Flykta deretter til Island. 

Ingemund Torsteinsson  
Ingemund hadde vore i viking med frenden Sæmund og kom heim like før slaget. Saman hadde dei fleire skip med mannskap. Ifølge Vatsdøla saga skjedde dette om hausten, ein av få indikatorar på kva tid på året slaget kan ha stått.   

Ingemund sa: “Harald vil koma frå dette med siger, slik han har gjort ved alle andre krigar. Den vil få tola tap og ulukke, som pådrar seg vreden hans ved å unnlata å støtta han, mens dei som vinn gunsten hans, får ein gunstig skjebne.” (Tormod Torfæus). Sæmund nekta å vera med på dette og reiste heim.  

Ingemund utmerka seg i slaget og kongen takka han ved å gje han tre skip og mørejarlens barnebarn til hustru. Kongen lova også å betala Sæmund tilbake for hjelpa denne hadde unnlate å gje.  

Torbjørn Hornklove  
Torbjørn var austlendingen som dikta Haraldskvadet, den eldste kjelda me har til slaget i Hafrsfjord. Han er såleis rekna som eit augevitne til slaget, men me veit ikkje om han slost sjølv eller berre såg på.  

Torbjørn hadde vore ved hirda til kong Harald sidan han var gut. Dei må ha vore jamgamle og gode vennar. Kong Harald hadde mange skaldar rundt seg, og Torbjørn var ein av dei han sette høgast. Han brukte skaldane til å fortelja sin versjon av sanninga og til å åtvara fiendar. “Haraldskvadet” passar godt inn i propagandaen som må ha funne stad etter slaget, men det inneheld òg fin poesi:   

“Berserkar brølte,  
tenkte på bragder.  
Ulvepelser ulte,  
Jernvåpen skalv.”  

“Hornklove” tyder å “kløyva horn”, noko som kan tyda at han var glad i drikkehornet.  

Også den litt eldre skalden Tjodolv frå Kvine har fått æra for delar av Haraldskvadet, og kan ha vore til stades, men det er mindre sannsynleg.  

Ånund Trefot  
Ånund var ein rik mann frå Åkra på Karmøy. Han hadde akkurat kome heim frå viking då slaget skulle stå. Han la skipet sitt ved sida av Haklang, som låg midt imot kong Harald. Då Ånund stilte seg i framstamnen med foten over relingen, blei den hogd av. Heldigvis fekk vennen Trond han over i sitt skip og redda livet hans.  

Ånund fekk trebein og blei ein namngjeten mann. Han blei kalla den «tapraste og mest våpendyktige einbeinte mann som nokonsinne hadde vore på Island» og «Ånund var raskare enn mange med heile bein». (Grettes saga)  

Ånund kom frå ei slekt kjend for fysiske lyter. Faren blei kalla Klumpfot eller «den hjulbeinte», farfaren Hestkuk (Bøytel) og sonen Gråskalle.  

Etter slaget oppsøkte Ånund garden sin, brann den til grunnen og drap årmannen kongen hadde sett der. 

Artikkelforfattar Ørjan Zazzera Johansen t.v. i lag med TV Vests Brigt Skrettingland.

I tillegg kjenner me namna på desse: Orm den rike, Balke Blæingsson, Trond Bjørnsson den mykjeseglande, Hadd den harde, Roald Rygg og Halvard

Kjelder:  
Birgisson, Bergsvein: Den svarte vikingen, Vigmostad Bjørke 2013
Egils saga 
Grettes saga 
Landnåmabok 
Vatnsdøla saga 
Sturlason, Snorre: Heimskringla, Harald Hårfagres saga med Haraldskvadet
Torfæus, Tormod: Norges historie, Eide forlag 2008

Du kan lesa meir om rikssamlingsjubileet her.