SR-bank kunngjorde på eit pressemøte onsdag 16. juni, at dei vil støtte Nasjonalt Garborgsenter med inntil 9 millionar kroner. I tillegg så er det tilsett ny dagleg leiar ved senteret.
5 millionar kroner vert tilført prosjektet basert på eksisterande finansiell status. I tillegg ynskjer SR-bank å gi eit tilskot på 1 krone per innsamla krone frå øvrige private bidragsytarar, avgrensa til 4 millionar kroner. Fyrst ute av dei private aktørane, er TS-Stangeland som same dag ga 500 000 til senteret.
Ny dagleg leiar for senteret vert Inger Undheim.
Ho tek til i stillinga 1. oktober.