Besøksrekord for Jærmuseet

Jærmuseet hadde i 2012 besøksrekord, med totalt 174 498 besøkande. Dette er 10,3% auke ifrå 2011.

Auken skuldast i hovudsak at Nasjonalt Garborgsenter offisielt opna i september, og at Jærmuseet i 2012 overtok driftsansvaret for Flyhistorisk Museum Sola og Rogaland Krigshistoriske Museum. I tillegg har fleire av våre avdelinger hatt ein positiv vekst.

Vitenfabrikken er Jærmuseet sitt største anlegg. I 2012 hadde Vitenfabrikken for fyrste gong fleire enn 70 000 besøkande, og hadde ein total auke på 3,5% (tala nedanfor er inkludert Thranegården). Fleire av våre museumsanlegg kan og visa til gode besøkstal. Eitt av desse er Grødalandstunet, der ein har lukkast i arbeidet med å trekka cruisepassasjerar til tunet. Nærare 1000 cruisepassasjerar var innom Grødaland i løpet av sommarsesongen. Tilbakemeldingane frå cruiseselskapa er gode, og ein venter at dette talet vil auka i 2013. På Vistnestunet har det òg vore stor aktivitet med fleire opplegg til skulane enn tidlegare, og fleire aktivitetsdagar med godt besøk.

Vitengarden har hatt ein liten nedgang frå 2011. Dette skuldast fyrst og fremst at ein i 2011 satsa stort på utstillinga «Ei verd på spel». Ein god del av konfirmantane i regionen var innom utstillinga som ein del av konfirmantopplegget deira. I haust var det òg redusert skulebesøk på grunn av mindre bemanning. Det som er gledeleg er at besøkstalet om sommaren var høgare på Vitengarden i 2012 enn tidlegare, og ein ser positivt på 2013. Det er fleire spanande planar for utstillingane på Vitengarden, og mange aktivitetsdagar gjennom heile året som gjer Vitengarden attraktiv for familier i heile regionen.

Særs gledeleg er det at vårt omreisande vitensenter Science Circus har nådd ut til nærare 11 500 personar dette året, ei auke på 36%. Science Circus reiser ut til skular i Rogaland og Agderfylka som ofte ligg eit stykke frå dei andre anlegga våre slik at desse elevane òg skal få eit tilbod. Science Circus held kjemishow og undervisningsopplegg for alle i grunnskulen, og deltek med show på festivaler og andre arrangement.

Scienceshow Island
Biletet er frå eit show Science Circus hadde på Island, der dei var i to veker på turnè i haust.

Detajert oversikt over besøkstala til Jærmuseet

Avdeling 2011 2012
Vitenfabrikken + Thranegården 68 991 + 3013 70 598 + 3948
Vitengarden 47 532 44 800
Tungenes Fyr 18 879 17 382
Grødaland 2 616 4 014
Limagarden 3 189 2 893
Vistnestunet 2 792 4 239
Flyhistorisk museum Sola 190* 7 461
Haugabakka 899 432
Nasjonalt Garborgsenter 1 585 6 568
Science Circus 8 391 11 466
Rogaland Krigshistoriske Museum 620
Besøk i barnehagane i Hå (prosjekt) 165 77

*Det totale besøkstalet til Flyhistorisk Museum Sola var i 2011 over 6000 personar men 190 stk var på pedagogiske opplegg i regi av Jærmuseet.

Planane for 2013
Jærmuseet har dei siste åra våre i ein konsolideringsprosess, der fleire avdelingar har blitt samla under Jærmuseet. Per i dag er det totalt 13 anlegg i Jærmuseet som publikum kan besøka, frå Varden Sjøredningsmuseum i sør til Tungenes fyr på nordspissen av Jæren. Kvar avdeling har ansvar for veldig ulike tema, men felles for alle er at ein arbeider etter prinsippet at publikum skal delta, oppleva og utforska utstillingane og aktivitetane ved anlegga og «læra ved å gjera».

To større permanente utstillingar er under planlegging på Vitenfabrikken. Den fyrste skal opna i april, og tek utgangspunkt i temaet energi og miljø, og har arbeidstittelen «Evighetsmaskinen». Utstillinga vil få fleire stasjonar, og ein større hovudattraksjon. I tilknytning til utstillinga vil Vitenfabrikken tilby nye undervisningsopplegg og fleire publikumsaktivitetar, blant anna eit Energishow som vil bli vist til publikum i helger og sommareferie. I desember opnar utstillinga «Det skal svara seg». Her vil det og koma fleire interaktive stasjonar, og nye undervisningsopplegg og aktivitetar vil bli knytta opp mot utstillinga.

På Vitengarden vert fleire installasjonar vidareutvikla. Blandt anna vert det laga eit eksperiment i tilknytning til roboten som er der i dag. Ved den nye stasjonen skal publikum få testa korleis det er å arbeida mot ein robot. Kven er raskast i å pakka ost? Mennesket eller roboten?

Nasjonalt Garborgsenter er i sitt fyrste heile driftsår. I tillegg til å ta imot skuleklasser, arbeider senteret med fleire arrangement. Fyrst ut er Garborgdagane, 24. – 27. januar. Elles vil senteret etterkvart tilby publikumsaktivitetar i helgene, utover det som allereie er i utstillinga.

Jærmuseet sine avdelingar vil i 2013 ha over 70 arrangement opne for alle, alt frå aktivitetsdagar til foredrag og kurs.