Jærmuseet tilbyr eit breitt spekter av praktiske undervisingsopplegg på dei forskjellege musea våre! Bestill eit eller fleire undervisningsopplegg for skuleåret allereie i dag.
- Grunnskule: Gratis. Elevane får også fribillett ut året. Enkelte opplegg har materialkostnadar.
- Barnehage: 750 kr for inntil 30 personar ved fagleg opplegg.
- SFO: 30 kr per person + 300 kr for omvising/fagleg opplegg.
- Vidaregåande skule: 30 kr per person + 300 kr per undervisningstime.
Vitengarden
Vi følgjer prinsippet “læra ved å gjera”, der elevane sjølve deltek aktivt. Tilboda er tilpassa barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanning – og følgjer læreplan/rammeplan for kvart trinn. Vitengarden tek imot grupper kvar dag, men ikkje måndagar før kl. 11.30. Bestill i dag.
Vitenfabrikken
Regnbogekjemi, programmering, problemløysing, hjernen og stjernevisning i Plantariet er berre noko av det som går føre på Vitenfabrikken i Sandnes. Vitenfabrikken ligg i nærleik av både tog og buss. Bestill i dag.
Garborgsenteret
Garborgsenteret er eit interaktivt museum og besøkssenter i Bryne. Senteret formidlar Arne og Hulda Garborg, to viktige forfattarar og samfunnsaktørar. Sjå utvalet og bestill i dag.
Og mykje meir!
Me tilbyr òg undervisningsopplegg på dei mindre musea våre. Ta kontakt direkte med dei for meir informasjon.
Tungenes fyr, Flyhistorisk Museum Sola, Vistnestunet, Limagarden, Haugabakka. For besøk på Garborgheimen eller Knudaheio, sjå Garborgsenteret.
For besøk på Grødalandstunet, ta direkte kontakt med Kristina Nyberg på kehn@jaermuseet.no.
Bestill Jærmuseet til din skule! Science Circus er eit omreisande vitensenter med målsetting å pirra nysgjerrigheita og undringa til barn og ungdom innan naturvitskap og matematikk.
