Sommar på Jærmuseet

Her er sommarprogrammet på musea og vitensentra til Jærmuseet i sommar

Vitengarden

Sommar på Vitengarden byr på spennande aktivitetar nesten kvar veke, lag mellom anna insektshotell, vikingsnor eller kjemisk måleri! Her er det òg store områder å utforska, både inne og ute. Besøk dyra på garden, hopp i høyet, eller kjenn skattane i den mørke myra og mykje meir!


Vitenfabrikken

På Vitenfabrikken er det forskjellige publikumsaktivitetar kvar dag gjennom heile sommaren, eksperiment med strøm, vulkanar og kjemiske reaksjonar og mykje anna gildt! Gjennom sommaren er det òg omvisning i mølla og kurs i biokull.


Flyhistorisk museum Sola

Flyhistorisk museum Sola holder ope kvar dag gjennom sommaren, utanom måndagar. Her kan du kome tett på kampfly, redningshelikopter og klassikarane frå kommersiell luftfart. Eller lær korleis folk på Sola og området rundt vart råka av den tyske okkupasjonsmakta si invasjon under andre verdskrig.


Limagarden

På Limagarden er det helgeope og aktivitetar for barn kvar helg i juli. Spinn ditt eige armband, knyt ein nøkkelring av makrame eller tov ein sau! På miljøloftet kan de bygga med Lego heile sommaren. Kombiner gjerne besøket med ein tur opp i heia bak Limagarden.


Garborgsenteret

Lær om Arne og Hulda Garborg og løys treskomysteriet! Ope kvar dag gjennom sommaren utanom sundagar.


Grødalandstunet

Få eit innblikk i livet på denne historiske sjøgarden på Jæren med bygg frå 1700- og 1800-talet. På tunet er det sal av is og anna godt! Kombiner besøket med ein tur langs Kongevegen på Jærkysten.


Tungenes fyr

På Nord-Jærens spydspiss finn du dette historiske fyret. Nyt turområda eller bakst, kaffi og anna godt i kafeen.


Garborgheimen og Knudaheio

Garborgheimen og Knudaheio fortel historia om Hulda og Arne Garborg gjennom bygga som var viktige for dei. På Knudaheio kan du òg kombinere besøket med ein tur i dei jærske turområda.