-Utstillinga Pelsdyrhald i Klepp på Haugabakka er ei forlenging av utstillinga PELS, som blei opna tidlegare i år på Vitengarden, fortel prosjektleiar Elisabeth Tungland.
-Medan utstillinga PELS hadde fleire perspektiv, som politikk, etikk, aktivisme, handel og mote har denne utstillinga gått meir i dybden på bondens personlege oppleving.

-Her er fokuset på sosiale forhold kring pelsdyrbønder sine opplevingar frå dagleg drift, fagleg utveksling, psykososialt miljø til nedlegging av næringa.
-Dette er opplevingar som er viktig å få fram, både for dei som er innafor og utforbi miljøet, spesielt viktig for ein kommune med sterk historisk tilknytning til pelsdyr.
Forskinsgbasert utstillingsarbeid

Prosjektleiar Tungland, som til dagleg er samlingsforvaltar i Jærmuseet ved avdelinga Samling og dokumentasjon, visar til blant anna masterstudent ved UiB sitt arbeid, Even Hadland Braut, og kan opplysa om at Klepp har markert seg tydeleg på landsbasis som pelsdyrkommune gjennom historia.
-På 60-talet stod pelsdyrbøndene i Klepp for 11% av skatteinntektene til Klepp kommune og på landsbasis i 1969 stod kommunen for 7,6% av pelsdyr i Norge
-Så når eg seier at her kan ein gå på hagevandring i pelsdyrhistoria til ein av dei største pesldyrkommunane i si tid, så er det altså ikkje ein underdriving understek prosjektleiar Tungland.
Mimreverdig opning






Utstillinga vart opna av ordførar i Klepp kommune, Kjetil Maudal. Even Braut presenterte si masteroppgåve. Innlegg ved Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges pelsdyralslag og Anne Jorunn Frøyen, førstekonservator NMF, Samling og dokumentasjon i Jærmuseet. Introduksjonar ved Per Inge Bøe, avdelingsdirektør Samling og dokumentasjon.
Framover




-Det er ikkje bestemt enno kor lenge utstillinga skal stå, men den står nok minst eit år. Kanskje to?
-Eg vil i alle fall anbefala alle å koma innom ila. det neste året, det er ei viktig utstilling som er ope 24 timer i døgnet heile året, og gratis inngang.
Takk til Klepp historielag for samarbeidet kring utstillinga!