Ny utstilling, PELS: -Eg trur me har klart å gi plass til dei fleste perspektiva 

Ei ny og omfattande utstilling om pelsdyrnæringa på Jæren opna på Vitengarden sundag 2. mai 2025, med mål om å kasta lys over dei ulike perspektiva på pelsdyrhald. Utstillinga, som har fått namnet “PELS”, tek publikum med inn i ei verd prega av ulike meiningar, sterke kjensler og viktige samfunnsspørsmål. 

Ei omfattande og gjevande prosess 

Anne Jorunn Frøyen, førstekonservator NMF, ved avdelinga for samling og dokumentasjon i Jærmuseet, og prosjektleiar for utstillinga fortel om eit hektisk, men gjevande arbeid. 

– Det har vore kjekt, stressande og utfordrande på same tid. Mange veit kanskje ikkje kor lang tid det tek å laga ei slik utstilling, og kor mange harde val ein må ta undervegs. Ein må vera veldig streng og velja vekk mykje, seier ho. 

Ei av dei største utfordringane har vore å formidla det omfattande temaet på ein balansert og lettfatteleg måte. 

– Me prøvar å imøtegå eit publikum som ikkje er ekspertar på feltet, og då må ein leggja seg på eit tilgjengeleg nivå. Samtidig så er faren med forenklingar at ein mistar nyansane, og då kan framstillinga bli for påståleg. Det er ein utfordrande balansegang, men eg trur me har klart å gje plass til dei fleste perspektiva på pelsdyrnæringa. 

Pelsdyrhald sett frå fleire vinklar 

Gjennom utstillinga får publikum sjå korleis ulike aktørar  i samfunnet har forskjellige syn på pelsdyrhald. 

– Ein bonde ser kanskje eit dyr som kan ha det bra i eit bur, så lenge dyret blir stelt godt. Ein representant for ein dyrevernsorganisasjon ser kanskje eit dyr som aldri kan ha det bra under slike førhald. Naturvitarar uttaler seg på grunnlag av det dei kan måla, noko som kan vera ein utfordring når ein skal måla trivsel, ikkje berre når det gjeld dyr, men og menneske. I moteverda ser kanskje nokon pelsen kun som ein kreativ ressurs, men det gjeld sjølvsagt ikkje alle. Så her er det og mange nyansar, sjølv innafor dei ulike aktørane, forklarar prosjektleiaren. 

For å ivareta desse nyansane har utstillingsarkitekturen ulike perspektiv fordelt på ulike rom. 

– Me veit ikkje om publikum vil oppfatta dette slik me har tenkt, men det blir spennande å sjå, slik det ofte er når ein lagar utstilling, iallefall av denne storleiken 

Ei historisk dokumentasjon av næringa og ulike perspektiv med bonden i sentrum. 

Pelsdyrnæringa er etter 1. februar 2025 avvikla i Noreg etter vedtak fatta av Stortinget i 2019, men utstillinga har dokumentert utviklinga heilt tilbake til 1890-åra, med mest fokus på samfunnsdebatten frå dei siste 20 åra før vedtaket om nedlegging av pelsdyrnæringa nasjonalt. 

– Me har samla inn store mengder materiale, inkludert intervju med politikarar, veterinærar, dyrevernorganisasjonar og pelsdyrbønder. Hovudfokuset har vore på bondens perspektiv, men dei andre synspunkta er også med. 

Gjennom utstillinga kan publikum få innblikk i korleis næringa har utvikla seg, dei opp- og nedturane ho har hatt, og korleis debatten rundt pelsdyrhald utviklar seg fram mot Stortinget sitt vedtak i 2019.  

-Me har i denne utstillinga sett bondens ståstad i sentrum, men samstundes løfta fram totalt ni ulike perspektiv på pelsdyrnæringa i lag med pelsdyrbondens ståstad. Det er viktig at musea er ein plattform for ulike synspunkt og ståstad om forskjellige tema. 

Kva gjer me med pelsen? 

Eit viktig, men lite diskutert aspekt ved avviklinga av pelsdyrhald er kva som skal skje med den pelsen som allereie er produsert. 

– Skal me bruka han? Skal me kasta han? Dette er kontroversielle spørsmål som ein må snakka om på eit punkt, seier førstekonservator Frøyen. Dette tar riktignok ikkje utstillinga stilling til, men Frøyen håpar utstillinga også kan bidra ikkje berre til ein diskusjon om pelsdyrnæringas historie, men og kva ein skal gjera med resultatet av denne næringa i framtida. 

Ei utstilling for alle som skal bidra til refleksjon 

Gjennom utstillinga får besøkande høve til å sjå, røra og reflektera rundt pels som materiale. Pels har vore brukt som statussymbol, men også for praktiske eigenskapar, til dømes av polfararar. 

Prosjektleiar Frøyen håpar at folk med ulike meiningar om pelsdyrhald vil koma for å sjå utstillinga. 

– Kanskje kan ein få auga opp for at det finst mange synspunkt ein ikkje sjølv har tenkt på, og at ulike meiningar hentar logikken sin frå ein plass det kan vera vanskeleg å setja seg inn i for dei som ikkje er ein del av same miljø.  

-Me prøver å visa korleis dei ulike perspektiva eksisterer side om side og håpar folk kjem ut av utstillinga med nye perspektiv på korleis folk kan sjå på same fenomen og ha så ulike oppfatningar om fenomenets betydning, konkluderer førstekonservator Anne Jorunn Frøyen. 

Tilsette frå avdelingane Vitengarden og Samling og dokumentasjon mottar ros frå prosjektleiar Anne Jorunn Frøyen. Frå venstre: Teknikar Endre Ueland, samlingsforvaltar Elisabeth Mæland Tungland, museumspedagog Marianne Hægstad Risdal, museumshandtverkar Håvard Obrestad Wøien, førstekonservator NMF og prosjektleiar for PELS, Anne Jorunn Frøyen.

Utstillinga PELS er ope frå 2. februar 2025 på Vitengarden, ein av vitensentra i Jærmuseet, for opningstider, trykk her.