Det skjer i vinterferien

Er du ein av dei mange som skal tilbringa ferien på Jæren? Kanskje får du besøk og vil ut på noko gildt saman? Fortvil ikkje, både Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret har eit stort aktivitetsprogram.

Barn som styrer romskipet på Vitenfabrikken.
Foto: Hans-Arvid Grødeland / Jærmuseet

Vinterferie med eksperimenter og redesign på Vitenfabrikken

I vinterferien kan du gjere mange eksperimentpå Vitenfabrikken. Finn ut koss lyd, vatn, luft og fargar oppfører seg, eksperimenter med strøm og elektrisitet og sett fyr på hendene dine. I det store LEGO-rommet er det tusenvis av LEGO- og DUPLO-klossar. Planetariet på Vitenfabrikken er eit høgdepunkt om du likar verdsrommet – len deg tilbake og reis ut til stjerner og planetar.

I tillegg vert det mange andre aktivitetar og show. Heile utstillinga på fire etasjar er open.

UngdomsMakerspace har eit eige gratistilbod med redesign for ungdom over 10 år tysdag-fredag.

Les meir om vinterferieprogrammet på Vitenfabrikken.

Vitenfabrikken har opent alle dagar. Måndag-fredag kl. 11-16, laurdag kl. 11-17 og sundag kl. 12-17.

Kua mi! på Vitengarden

Kom til Vitengarden i vinterferien og bli enda betre kjent med kua – og møt den nyfødte kalven på garden. Du kan bli med og separera mjølk, kinna smør og laga ost.

I tillegg er det aktivitetar både inne og ute, så her kan ein kosa seg i allslags vèr.  Utstilligane er opne, og dyra på garden er som alltid klar for eit besøk og litt kos. I høyet kan du slenga deg i tauet eller bygga ei fin hytte. Sjå her for programmet i vinteferien. Opent måndag – fredag kl. 10-15, laurdagar stengt, sundagar kl. 12-17.

Detektiv på Garborgsenteret

På Garborgsenteret får du leika detektiv. Kven har stjåle treskoa til Arne Garborg? Bli med på det escape-rom inspirerte Treskomysteriet – løys kodar og oppgåver og sjå om du finn ut kven den skuldige er! Ope måndag – laurdag kl. 10 – 15.

Tungenes fyr

Tungenes fyr har ope sundagar frå kl. 12.00 – 16.00. Her kan du gå opp i fyret, ta deg ein fin tur langs sjøen og besøka kaféen der lag og organisasjonar i Randaberg sel kake, kaffi og anna godt.