Vitengarden til Grüne Woche

Vitengarden skal saman med 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen, vera med på verdas største matmesse, Grüne Woche, i Berlin, januar 2020.

Mangfald av råvarer
Produkt frå kjøt, fisk, sjømat, ost, urter og sjokolade er hovudingrediensar i rettane som skal serverast i Berlin. Sider og eplemost av høg kvalitet vert også med. Under messa vil eigne kokkar, saman med deltakarane, laga smaksprøvar som viser mangfaldet det vestnorske kjøkkenet kan tilby. Smakane skal synleggjera Noreg som reiselivsdestinasjon og løfta maten si rolle i reiselivsprodukta.
Smaksverkstad med nye smaksopplevingar

Hektisk aktivitet under smaksverkstad i Bergen

12. september møttest produsentar, kokkar og arrangørar til smaksverkstad. Her laga dyktige kokkar, saman med deltakarane, nye og velsmakande rettar, samansett av eit mangfald råvarer frå regionen, og deltakarbedriftene presenterte mat- og reiselivsprodukt av høg kvalitet. Samarbeid på tvers av produkt og bransje vart diskutert og nye kontaktar vart etablerte. Kan ost, sider og sjokolade kombinerast? Ja, kvifor ikkje?

Samarbeid betrar resultatet
Mange lokalprodusentar og reiselivsverksemder betrar resultatet sitt gjennom samarbeid med kvarandre og nettverksbygging er eit viktig mål for deltakinga i Grüne Woche. Landbruksnæringa utgjer ein viktig del av utviklinga av eit ekte og berekraftig reiseliv. Bedriftssamarbeid er ein suksessfaktor her. Kombinasjonen av god mat og gode natur- og kulturopplevingar styrkar reiselivet i regionen i dag. Dette vil me utvikla vidare.

Vitensenteret midt i matfatet
Vitengarden er midt i matfatet på Jæren. Her vert den jærske landbrukshistoria formidla og dei grøne naturvitskapene. Det er eit stort fokus på å formidla, fremma og bruka lokale råvarer, både i formidlinga og i kafeen. Difor er det særs stas å bli invitert med til å delta på Grüne Woche saman med dyktige produsentar og kokkar, og få bidra til å fremma heile regionen på ein så stor arena.

Desse er med frå Vestlandet/Fjord-Norge

Rogaland
Nyyyt
Lie gård
Jan Haslemo
Energihotellet
Vitengarden

Møre og Romsdal:
Skarbø Gard
Nilsgardstunet
Stolt Mat
Brasserie Posten og Geiranger bryggeri
Sider AS

Vestland – Sogn og Fjordane :
Walaker Hotel
Vikja AS
Amble gård
Kandal Kjøt DA
Sogn Aqua/Glitne

Vestland – Hordaland:
Fjåk
Hardangergutane
Cornelius Sjømatrestaurant
Ostegården
Spildegarden

 

Fakta Grüne Woche 2020

  • Internasjonale Grüne Woche 2020 (IGW) vert arrangert i Berlin mellom 17. – 26. januar. Dette er 85. gong messa vert arrangert. IGW er ei av verdas største messer for mat, gartneri og landbruk.
  • På nasjonale stands vert matkulturar frå nærare 60 land presentert. Totalt deltek over 1,600 utstillarar med over 100,000 produkt frå heile verda. Det er venta rundt 450 000 besøkjande.
  • Innovasjon Norge, i samarbeid med den norske ambassaden i Berlin, er ansvarleg for den norske deltakinga under IGW, på oppdrag fra Landbruks -og matdepartementet. Fylkesmannsembeta har ansvaret for den praktiske gjennomføringa.
  • Den norske deltakinga på Grüne Woche skal byggja Noreg som mat- og reiselivsnasjon. Målet er å styrka regional matkultur gjennom nettverksbygging, innovasjon og produktutvikling.