Vitengarden i haustferien

Vitengarden ligg bokstaveleg talt midt i matfatet på Jæren. Hå kommune er den største landbrukskommunen i landet, og halvparten av arealet i kommunen er nytta til jordbruksformål. På gardane rundt Vitengarden vert det dyrka dei fleste norske grønsakene og difor ynskjer me at publikum skal få enda meir kjennskap til denne matsorten. Gjennom aktiviteter og eksperiment i vitensenteret får du i haustferien blant anna vera med å finna ut:

– Kor mykje sukker er det i grønsaken/frukta

– Påvising av stivelse i potet

– Påvising av pepsin(fordøyelsesenzym) i potet

Grnnsaker + Kjemi= ??

I tillegg er garden open der du kan besøka og bli kjent med dyra, samt hoppa i høyet og testa ut utstillingane i vitensenteret.

Opningstider i haustferien:

Måndag – fredag: klokka 10-15

Laurdag: stengt

Sundag: klokka 12-17