Tema: Pollinerande insekt med vekt på bier.
Dato: Tysdag 18. juni.
Tid: Kl. 1130 – 1500
Ansvar for seminaret: Vitengarden Jærmuseet
Frammøte: Vitengarden på Nærbø
Pris: Gratis
Litt om grunnen for seminaret:
Pollinerande insekt er den viktigaste insektgruppa i naturen, samstundes blir det stadig meldt om at det blir færre og færre av dei. Kva kan du og eg bidra med for at det skal snu; kanskje meir kunnskap og endra holdningar kan hjelpa? Barnehagar og skular kan bidra dersom ein har fokus på kva slags levande skapningar me har rundt oss i det daglege miljøet. At både humle, veps, bie, maur, sommarfugl og blomsterfluga , for å nemna dei vanlegaste, er nødvendige for at både folk og dyr kan skaffa seg den maten som trengs. Bli me på seminaret så lære du kanskje noko nytt?
Rammeplanen for barnehagen:
I rammeplanen for barnehagar står det under fagområdet «Natur, miljø og teknologi» mellom anna:
Opplevingar og erfaringar i naturen kan fremje forståing for eigenarten til naturen og barna sin vilje til å verne om naturressursane, bevare det biologiske mangfaldet og bidra til berekraftig utvikling. Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider.
Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna
- får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
- får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
- får kunnskap om dyr og dyreliv
Program for dagen:
1130 – 1215 Lunsj
1215 – 1300 Felles gjennomgang av tema.
1315 – 1445 Praktiske aktivitetar med bla. ein tur i bikuba .
1445 – 1500 Oppsummering
Husk: Ein langarma genser og gode sko, gjerne gummistøvlar.
Påmelding innan måndag 3. juni her.
Maks 30 deltakarar.