Veit du noko om klesvask på Jæren?

Jærmuseet sine samlingar er store og me ynskjer at fleire skal få sjå dei gjenstandane me tek vare på. I år har me sett fokus på klesvask, og skal opna ei utstilling med dette som tema sundag 14. april. Utstillinga heiter «Så gjør vi så – klesvask i 100 år». Utstillinga skal fyrst stå på Vitengarden, men planen er at den skal vandra rundt på nokre av dei andre anlegga våre etter kvart.

Fleire vaskemaskinar har vorte produserte på Jæren. Brødrene Hetland på Bryne laga den fyrste vaskemaskinen i 1913, og i 1917 hadde denne produksjonen auka til 2000. Trygve Kverneland (TKS) starta med produksjon av den såkalla 8-vaskaren på 1950-tallet.

Samstundes som me feirar Stemmerettsjubileet, er det altså 100 år sidan vaskemaskinen for fyrste gong vart produsert på Jæren. Få maskinar har hatt meir å seie for kvinna sin kvardag. Med innlagt vatn og vaskemaskin, vart det meir fritid. Kvinne hadde difor meir muligheit enn tidlegare til å engasjera seg utanfor heimen.

Fleire produserte eigne maskinar heime, nokre stader gjekk gardar saman om felles «vaskeri». Jærmuseet søker nå informasjon kring temaet som kan supplementera det me har. Historier om klesvask frå heile Jæren, foto og gjenstander – om produksjon og bruk. Fantes det eit felles vaskeri her? Har du ein nyare industrielt produsert vaskemaskin frå Jæren, som me kan låna? Har du gode bilete der ein held på med klesvask?

Har du informasjon som du har lysst å dela med oss? Kontakt Ingeborg Nærland Skjærpe på telefon 957 43 682 eller på e-post ins@jaermuseet.no Me håper å få inn informasjon innan midten av februar, slik at me kan ferdigstilla utstillinga i april.

Alle som bidreg vil verta invitert til utstillingsopninga.

Vasking av klede
Biletet over er frå Hå Folkebibliotek sitt arkiv. Biletet viser Olga Kleven f. Ueland under klesvask. Sonen hennar kjem til oss seinare for å fortelje meir – me gler oss til det!