SNU er opna!

Vitengarden si største, permanente utstilling sidan opninga i 2005, opna offisielt måndag 8. september. Utstillinga inneheld sju nye, interaktive stasjonar - alle står utandørs.

Klarer du stå imot full orkan? Eller bruka energien frå kroppen til å vera ein menneskeleg jojo – fleire meter opp i lufta? Vert rumpa di varmast med energi frå sola, eller med torv? Klarer du skyta høna med hjelp av Brynepumpa?

Utstillinga – som har fått navnet SNU – inviterer dei besøkande til å bruka kroppen medan ein opplever ulike energikjelder; dei me har brukt før og dei me bruker i dag. Fordeler og ulemper skal utforskast – me treng meir energi og utsleppa av CO2 skal ned. Kanskje finn du løysinga? Kva med framtida – skal me SNU?

Fleire av stasjonane gir kitling i magen, og er gilde for dei større barna. Det er òg eit stort område ute der dei minste vil kosa seg – med vatnleik, pumper og vannpistol.

20140902 ERB testing 002 20140902 ERB testing 003

Bileta: Klarer du skyta ned høna med vatn, pumpa opp med Brynepumpa? Eller stå imot orkanen i Blåsten?

Utstillinga er ein del av Jærmuseet si treårige satsing på temaet Energi og miljø, og er støtta av Statoil gjennom talentprogrammet Morgendagens helter.

Det var Kristin Halvorsen frå Cicero, Norsk senter for klimaforsking, som fekk æra av å opna utstillinga. Ho klyppa av eit elefantgras saman med ordførar i Hå kommune, Mons Skrettingland, og kommunikasjonsdirektør i Statoil, Øivind Johannessen.

20140908 SNU opning ERB

Utstillinga er open til frosten kjem – velkommen til gards!

Presseomtale frå opninga:

NRK Rogland nettsida: http://www.nrk.no/rogaland/her-simuleres-orkan-og-flau-vind-1.11921273

NRK Rogaland ettermiddagslokalen: http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-rogaland/DKRO02017914/08-09-2014 (Velg «Halvorsen opna utstillinga SNU» og «Vitengarden»)

NRK Rogaland facebookside: https://www.facebook.com/nrkrogaland?fref=ts

Stavanger Aftenblad nettsida (krev innlogging): http://www.aftenbladet.no/tv/Opplev-full-storm-pa-Vitengarden-3502990.html

Jærbladet nettsida, artikkel + film (krev innlogging): http://jbl.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=33589

TV Vest: http://www.tvvest.no/Sendinger/28529/2014/09/08/TV-Vest-8.-september