Kva er fornybar energi?

Vindkraft, vasskraft, solkraft eller olje? Kva er mest effektivt og kva er mest bærekraftig. Må me SNU måten me tenkjer på?

Kva er fornybar energi? Kva er mest effektivt og kva er mest berekraftig. Må me SNU måten me tenkjer energi på?

Kort om opplegget:

Me besøkjer uteutstillinga vår SNU. Der kan me leika med vatn i vassrenner, stå i vindmaskinen «Blåsten» og kjenna alt frå flau vind til orkan rett i fleisen, og varma rumpene våre på benkar med ulike energikjelder. Me kan studera vindturbinen, solcellepanela og vasskovlane og samtala om dei ulike energikjeldene.

Kva kan me læra:

  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
  • Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
  • Utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på
  • Utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt
  • Vert kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar

Tid: Frå påske- til haustferie.

Send førespurnad