Kva er fornybar energi? Kva er mest effektivt og kva er mest berekraftig. Må me SNU måten me tenkjer energi på?
Kort om opplegget:
Me besøkjer uteutstillinga vår SNU. Der kan me leika med vatn i vassrenner, stå i vindmaskinen «Blåsten» og kjenna alt frå flau vind til orkan rett i fleisen, og varma rumpene våre på benkar med ulike energikjelder. Me kan studera vindturbinen, solcellepanela og vasskovlane og samtala om dei ulike energikjeldene.
Kva kan me læra:
- Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
- Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
- Utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på
- Utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt
- Vert kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar
Tid: Frå påske- til haustferie.