Sylting og safting

Kvifor bør me få i oss bær og frukt? Elevane får vera med og sylta, safta og laga mat av ulike bær og frukt. Det høyrer med å smaka på det ein har laga. I tillegg har me tørka ulike urter som dei kan laga krydder av.

 

Kort om opplegget:

  • Korleis laga matrettar av frukt og bær, fruktgraut m.m.?
  • Safting-, sylting- og hermetisering av bær og frukt.
  • Kva skjer når frukt og bær blir konservert?
  • Kvifor er frukt og bær så sunt å eta.
  • Korleis skal me lagra urter, og kva kan me nytta dei til?

Frå fagfornyinga:

Mat og helse, etter 7. trinn:

  • bruke reiskap, grunnleggjande teknikkar og matlagingsmetodar til å lage trygg og berekraftig mat som gir grunnlag for god helse
  • bruke oppskrifter i matlaging og rekne ut og vurdere mengda i porsjonane …
  • utforske og presentere tradisjonelle norske og samiske metodar for å konservere mat på og kunne fortelje om råvarene som blir konserverte

Varigheit: 

2 timar pr 30 elevar

Kan bestillast: 

Veke 38 – 39

Pris:

20 kr pr elev

Send førespurnad