Kvifor bør me få i oss bær og frukt? Elevane får vera med og sylta, safta og laga mat av ulike bær og frukt. Det høyrer med å smaka på det ein har laga. I tillegg har me tørka ulike urter som dei kan laga krydder av.
Kort om opplegget:
- Korleis laga matrettar av frukt og bær, fruktgraut m.m.?
- Safting-, sylting- og hermetisering av bær og frukt.
- Kva skjer når frukt og bær blir konservert?
- Kvifor er frukt og bær så sunt å eta.
- Korleis skal me lagra urter, og kva kan me nytta dei til?
Frå fagfornyinga:
Mat og helse, etter 7. trinn:
- bruke reiskap, grunnleggjande teknikkar og matlagingsmetodar til å lage trygg og berekraftig mat som gir grunnlag for god helse
- bruke oppskrifter i matlaging og rekne ut og vurdere mengda i porsjonane …
- utforske og presentere tradisjonelle norske og samiske metodar for å konservere mat på og kunne fortelje om råvarene som blir konserverte
Varigheit:
2 timar pr 30 elevar
Kan bestillast:
Veke 38 – 39
Pris:
20 kr pr elev