Bli kjend med den gamle Kviagarden. Kva kallar me dei ulike bygningane? Kva slag dyr er det på garden? Korleis budde folk i gamle dagar? Opplev dyra på nært hald, hopp i høyet og utforsk utstillingane på vitensenteret. Dette opplegget passar svært godt til store grupper som ønskjer å besøka Vitengarden.

Kort om opplegget:

  • Opplev eit gardsbruk på Jæren anno 1950 med dyr og reiskap. Sjå korleis bonden, bondekona og borna hadde det i heimen og undra dykk over skilnadane på korleis ein levde før og korleis me lever no.
  • Utforsk dei jordbruksrelaterte utstillingane på vitensenteret

Kompetansemål:

Mangfald i naturen:

  • fortelje om dyr i nærområdet, diskutere dyrevelferd og skilje mellom meiningar
  • samtale om og samanlikne livssyklusen til nokre plante- og dyreartar

Historie:

  • finne informasjon om og presentere eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan og fortelje om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg
  • kjenne att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke

Varigheit: 

1 time pr 20 elevar

Kan bestillast: 

Heile året

Pris:

Gratis

Send førespurnad