Bli kjend med den gamle Kviagarden. Kva kallar me dei ulike bygningane? Kva slag dyr er det på garden? Korleis budde folk i gamle dagar? Opplev dyra på nært hald, hopp i høyet og utforsk utstillingane på vitensenteret. Dette opplegget passar svært godt til store grupper som ønskjer å besøka Vitengarden.
Kort om opplegget:
- Opplev eit gardsbruk på Jæren anno 1950 med dyr og reiskap. Sjå korleis bonden, bondekona og borna hadde det i heimen og undra dykk over skilnadane på korleis ein levde før og korleis me lever no.
- Utforsk dei jordbruksrelaterte utstillingane på vitensenteret
Frå fagfornyinga:
Naturfag, etter 4. trinn:
- gi eksempler på god dyrevelferd og reflektere over hvordan dyrs behov kan ivaretas
Samfunnsfag, etter 2. trinn:
- utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan
Varigheit:
1 time pr 20 elevar
Kan bestillast:
Heile året
Pris:
Gratis